Ghada Shouaa (fødd 10. september 1973) er ein syrisk tidlegare friidrettsutøvar frå Mhardeh i Hama guvernement som konkurrerte i mangekamp. Under dei olympiske leikene 1996 i Atlanta vann ho Syrias fyrste og einaste olympiske gullmedalje. Ho er også verdsmeister i sjukamp frå Göteborg i 1995.

Ghada Shouaa
Statsborgarskap Syria
Fødd 10. september 1972 (51 år)
Mhardeh
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Shouaa gjennomførte sin fyrste sjukamp i 1991, og vart omgåande teken ut til VM 1991 i Tokyo, der ho ende på sisteplassen av dei som fullførte. Seinare i 1991-sesongen vart ho nummer to i sjukamp i Asia-meisterskapen. Ho OL-debuterte i Barcelona i 1992, der ho med skade kom på 25. plass.

Det store gjennombrotet til Shouaa kom i 1995 då ho vann den prestisjetunge Götzis-tevlinga med 6 715 poeng. Nokre veker seinare steig ho heilt til topps i sjukampen under VM i Göteborg. Shouaa vann med poengsummen 6 651, sølvvinnaren Svetlana Moskalets hadde 6 575 poeng.

I OL-sesongen året etter vann Shouaa atter i Götzis-sjukampen, der ho sette ny asiatisk rekord med 6 942 poeng. Under sommarleikane 1996 i Atlanta sikra ho seg gullmedaljen med stor margin, 6 780 poeng mot sølvmedaljør Natallja Sazanovitsj sine 6 563 poeng. Det er det einaste OL-gullet som har gått til Syria.

Skade øydela sesongane 1997 og 1998. I 1999 gjorde Shouaa comeback i VM 1999 i Sevilla og tok bronsemedaljen med 6 500 p, langt bak Eunice Barber på 6 861 poeng og Denise Lewis med 6 724.

Shouaa la opp etter OL i Sydney 2000.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Shouaa er busett i Tyskland.

Kjelder endre