(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend

(Omdirigert frå Ghost Riders in the Sky)

«(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend» er ein country/western-song skriven i 1948 av den amerikanske låtskrivaren og skodespelaren Stan Jones.[1]

«(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend'»
Låtskrivar Stan Jones
Publisert 1948, Edwin H. Morris & Co Inc

Melodien liknar på «Spancil Hill», ein tradisjonell irsk folkesong av Michael Considine, som var ein irsk emigrant til USA i 1870-åra.

Fleire versjonar vart hittar på poplista i 1949, og størst suksess fekk Vaughn Monroe. I ASCAP-databasen står songen oppført som «Riders in the Sky», men tittelen er òg blitt skriven som «Ghost Riders», «Ghost Riders in the Sky» og «A Cowboy Legend». Medlemmar av Western Writers of America valde songen som ein av ei 100 beste westernsongane gjennom tidene.[2]

Oversyn endre

Songen fortel ei soge om ei cowboy som har eit syn av kveg med raude augo og hovar av stål som tordnar over himmelen, og vert jaga av andene etter fordømde cowboyar. Ein av dei åtvarar han om visst han ikkje endrar levesettet sitt, så vil han bli fordømd slik som dei. Jones fortalte at han blitt fortalt denne soga då han var 12 år gammal av ein gammal cowboyven.[1] Soga minner om den nordeuropeiske soga om Oskoreia.[3]

Meir enn 50 artistar har spelt inn versjonar av songen. Songar som har nådd hitlistene vart spelte inn av The Outlaws, Vaughn Monroe («Riders in the Sky» med orketer og vokalkvartett), som toppa Billboard-lista, av Bing Crosby (med Ken Darby Singers), Frankie Laine, Burl Ives (to forskjellige versjonar), Marty Robbins, The Ramrods og Johnny Cash. Andre innspelingar vart gjort av Eddy Arnold, Peggy Lee (med Jud Conlon Singers), Christopher Lee og Spike Jones and his City Slickers. Gene Autry song songen i filmen Riders in the Sky i 1949. Jones sjølv spelte inn songen i 1957 for albumet Creakin' Leather.[4] Children of Bodom, Impaled Nazarene og Die Apokalyptischen Reiter har òg spelt songen.

Melodien er basert på songen «When Johnny Comes Marching Home[5]

Innspelingar endre

1948 endre

  • Originalversjonen av Stan Jones vart spelt inn seint i 1948 og komponinsten Eden Ahbez ende songen til Burl Ives, som spelte inn sin eigen versjon eit år seinare.

1949 endre

  • Burl Ives spelte inn songen den 17. februar 1949 og songen kom ut på Columbia Records. Innspelinga gjekk inn på Billboard-lista den 22. april 1949, og låg der i seks veker med ein 21. plass som høgaste plassering.[6]
  • Versjonen til Vaughn Monroe and His Orchestra med Vaughn Monroe and The Moon Men på vokal, vart spelt inn 14. mars 1949 og gjeven ut på RCA Victor Records. Denne gjekk inn på Billboard-lista den 15. april 1949. Han låg på lista i 22 veker og gjekk heilt til topps..[6] Billboard rangerte songen på førsteplassen for heile året 1949.[7]
  • Bing Crosby sin versjon vart spelt inn 22. mars 1949,[8] og kom ut på Decca Records. Denne gjekk inn på Billboard-lista den 6. mai 1949. Han låg på lista i seks veker og nådde 14. plassen.[6]
  • Peggy Lee spelte inn sin versjon 18. april 1949 og gav han ut på Capitol Records. Denne nådde andreplassen på Billboard's Most Played By Disc Jockeys-lista.
  • Spike Jones spelte inn songen den 24. mai 1949 og gav han ut på RCA Victor Records. Kopiar av den originale innspelinga som gjer narr av Vaughn Moore er sjeldne.

1950-åra endre

  • I 1953 gjekk filmen Goldtown Ghost Riders med Gene Autry. Han song der songen «Ghost Riders in the Sky».
  • Songen var opningssporet på Scatman Crothers-albumet Rock 'n' roll with Scat Man i 1956.
  • Theodore Bikel song ein kmoisk versjon av songen på albumet An Actor's Holiday (1956).

1960-åra endre

1970-åra endre

1980-åra endre

  • Countrysongaren Chris LeDoux spelte inn ein versjon av songen i 1980 på albumet Old Cowboy Heroes.
  • Ein versjon av The Shadows nåddde 12. plassen på UK Singles Chart i 1980.
  • Det australske bandet The Fabulaires frå Adelaide spelte ein versjon av songen på EP-en Apocalypso.
  • Rockebandet Outlaws spelte inn songen i 1980 på albumet deira Ghost Riders.
  • Dean «Red Elvis» Reed spelte inn songen på albumet Country i 1982 i Aust-Tyskland og Tsjekkoslovakia.[12][13]
  • Ein versjon på Sesame Street kalla «The Dirtiest Town In The West» med endra tekst, vart send på fjernsyn i 1982.
  • Vic Damone spelte inn ein versjon i 1982 på albumet hans Over The Rainbow.
  • Psychobilly-bandet King Kurt gav ut ein versjon i 1983 på albumet deira Ooh Wallah Wallah.
  • Det danske cowpunkbandet Disneyland After Dark (seinare berre D-A-D) spelte inn songen «Riding With Sue» i 1986 for albumet deira Call of the Wild dder riffa frå melodien vert nytta i mellomspelet.
  • The Chaps gav ut ein skotsk parodiversjon kalla «Rawhide» i 1982.

1990-åra endre

2000-åra endre

2010-åra endre

  • Judy Collins spelte songen i 2010 på albumet hennar Paradise.
  • Gorlock spelte inn songen i 2011 på EP-en Despair is My Mistress.
  • Songen opnar Roswell Rudd-albumet Trombone For Lovers.
  • Drop The Lime spelte ein instrumental versjon i 2012 på albumet Enter The Night.
  • Screaming Orphans på albumet Lonely Boy. (2011)
  • Ray Scott gav ut ein versjon av songen på EP-en «Roots Sessions, Vol. 1» i 2015.
  • Chrome Division spelte songen i 2011 på albumet 3rd Round Knockout.

Fleire utgåver endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Stan Jones». Western Music Association. Arkivert frå originalen 24. februar 2017. Henta 25. februar 2018. 
  2. Western Writers of America (2010). «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Arkivert frå originalen 10. august 2014. 
  3. Houston, Susan Hilary (1964). «Ghost Riders in the Sky». Western Folklore 23 (3): 153–162. 
  4. Creakin' Leather (1957). Disneyland Records WDL-3015. «Stan Jones sings his own compositions» Recorded by Walt Disney Music Co. Copyright Walt Disney Productions.
  5. «(Ghost) Riders In the Sky by The Outlaws Songfacts». Songfacts.com. 14. mai 1949. Henta 25. februar 2018. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  7. Number One Song of the Year: 1946-2013, Bob Borst website
  8. «A Bing Crosby Discography». BING magazine. International Club Crosby. Henta 20. september 2016. 
  9. «Billboard Music Week Hot 100», Billboard, October 9, 1961. Henta 27. februar 2018.
  10. «DICK JENSEN - A DISCOGRAPHY». Stereo Candies. 
  11. «Frank Ifield 'Born Free'». 45worlds.com.  Retrieved 31-03-2017.
  12. DDR Amiga 8 55 957/1982
  13. ČSSR Supraphon 1113 3067 ZA/1982
  14. Collar, Matt. «Ghostrider: Great Guitar Hits - Duane Eddy». AllMusic. Henta 27. februar 2018. 
  15. «Ghost Riders in the Sky». Debora Harry. Arkivert frå originalen (MP3) 10. april 2016. Henta 27. februar 2018. 
  16. ««Ghostriders in the Sky» on the 2006 Die Apokalyptischen Reiter EP, Friede Sei Mit Dir». discogs.com. Henta 24. november 2013. 
  17. catalog and song samples