Gidsken Nilsine Jakobsen (1. august 190813. juni 1990) var ein norsk flypioner og forretningskvinne.

Gidsken Jakobsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. august 1908
Fagernes
Død

13. juni 1990 (81 år)
Fagernes

Yrke flygar
Gidsken Jakobsen på Commons

Gidsken Jakobsen tok flysertifikat ved Aeromaterials flyveskole i Stockholm i 1929.[1] Jakobsen var ein av dei første nordmennene som freista å gjera norsk luftfart kommersiell, og i 1932 etablerte ho eige flyselskap. Jakobsen var den første kvinnelege leier av eit flyselskap i Skandinavia. Selskapet hennes dreiv taxiflying i Nord-Noreg og på Vestlandet. Då ho registrerte sit første fly i Oslo i 1929, vart ho den første som flaug frå Nord-Noreg til Oslo om vinteren. Jakobsen var òg initiativtaker til flyfrakt av fisk frå Nord-Noreg. Ho vert rekna som ein av våra største personlegdomar innan norsk luftfart og var ei kvinne som trossa både kjønnsrollemønster og geografiske barrierar. Jakobsen var den andre norske kvinna som tok flysertifikat. Då var ho 20 år og vart rangert som nummer ein av dei ti som gjennomførte utdanninga.

Hennes fly, ein VL Sääski kalla «Måsen» er attskapt som ein kopi og finst i Samlingane til Norsk Luftfartsmuseum Jakobsen fekk i 2014 oppkalla ein park etter seg på hennes heimstad, Fagernes i Narvik.[2]

Referansar endre

  1. Flyvercertifikat for norsk dame, Aftenposten, mandag aften, 18. mars 1929, side 6
  2. Fremover 20. desember 2014, Nå kan parken på Fagernes brukes.

Litteratur endre

  • Olav Gynnild, Seilas i storm – et portrett av Gidsken Jakobsen, Orkana forlag, 2007. ISBN 9788281040571

Kjelder endre