Gilboa regionale kommune
Gilboa regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית הגלבוע, Mo'atza Azorit Gilbo'a) er ein regional kommune nord i Israel, i fjellsida av Gilboa. Det bur kring 22 000 innbyggjarar her fordelt på 38 busetjingar. Storleiken på kommunen er kring 250 000 dekar.
Gilboa regionale kommune | |||
regional kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | |||
Areal | 25 km² | ||
Folketal | 22 000 | ||
![]() Gilboa regionale kommune | |||
Wikimedia Commons: HaGilboa Regional Council | |||
Han grensar i nord og vest til Jezreeldalen og Jezreeldalen regionale kommune, i sør til Samariafjella og i aust til Beit She'an-dalen og Beit She'an-dalen regionale kommune.

Historie Endra
Gilboafjella som grensar til Jezreeldalen frå sør og Beit She'an-dalen få vest dannar ein del av vasskiljet i Israel. I 1921 bygde 75 mann frå arbeidsgruppa til Joseph Trumpeldor ein teltleir nær Ma'ayan Harod. Dei fleste av dei var emigrantar til Israel under den andre Aliyah, og somme kom i den tredje Aliyah. Somme av dei var medlemmar av Hashomer. Programmet gjekk ut på å «bygge opp landet med eit generelt kollektiv av israelske arbeidarar.» Etter to månader kom ei gruppe til i dei austlege område Jezreeldalen og slo seg ned på åsen Tel Hassan, som no heiter Tel Yosef. Dei andre busetjingane vart bygde seinare.
Busetjingar Endra
Busetjingar i Gilboa regionale kommune:
Kibbutzar
Moshavar
Fellesbusetnader
Arabiske landsbyar
Tidlegare landsbyar
Økonomi Endra
Jordbruk Endra
Det vert drive mykje forskjellig jordbruk i kommunen. Det vanlegaste er bomull, kveite, drivhus og andre industrielle plantasjar, blomar, åkrar, fisketjern, kyr og kylling.
Industri Endra
Kibbutzim i kommunen har bygd mange fabrikkar: Shimurim i Beit HaShita; metallhandsaming i Beit Alfa, Moledet, Ein Harod og Beit Yosef; tømmerarbeid i Beit HaShita og Ein Harod; elektronikk i Yizre'el; nøtteknekking i Geva; plastikk i Heftzibah og Ram On; trykking og ornamentering i Moledet og Tel Yosef.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Gilboa Regional Council» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Endra
- Offisiell nettstad Arkivert 2008-01-21 ved Wayback Machine. (he)