Gillian Welch (fødd 2. oktober 1967) er ein amerikansk songar-låtskrivar. Ho spelar som regel i lag med den musikalske partnaren sin, gitaristen David Rawlings. Den enkle og mørke musikkstilen, som kombinerer element frå appalachisk musikk, bluegrass og americana vart av The New Yorker skildra som «umiddelbar stemningskapande og minner om ei fortid på landsbygda».<[1]

Gillian Welch

Gillian Welch spelar på MerleFest i 2007
Fødd2. oktober 1967 (56 år)
FødestadNew York City i New York i USA
OpphavUSA
Aktiv1991–
Sjangerbluegrass, americana, country
Instrumentsynging, akustisk gitar, banjo, trommer
Kjende instrument1956 Gibson J-50
Tilknytte artistarDave Rawlings Machine, Old Crow Medicine Show
PlateselskapAlmo Sounds
Verka somSongar-låtskrivar
PrisarAmericana Award for Artist of the Year, Americana Lifetime Achievement Award for Songwriting

Welch og Rawlings har gjeve ut fem kritikarroste album. Debutplata Revival frå 1996 og Time (The Revelator) frå 2001 vart begge nominerte til Grammy-prisen for beste visealbum. Albumet Soul Journey frå 2003 introduserte elektrisk gitar, trommer og ein meir livleg stil. Etter ein pause på åtte år kom det femte studioalbumet deira, The Harrow & The Harvest, i 2011, som òg vart nominert til Grammy-prisen.

Welch var produsent og framførte to songar på O Brother, Where Art Thou?, eit album som selde til platina og som vann Grammy-prisen for årets album i 2002. Welch har samarbeidd med andre musikarar som Alison Krauss, Ryan Adams, Jay Farrar, Emmylou Harris, The Decemberists, Mark Knopfler og Ani DiFranco.

Diskografi endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Gillian Welch» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Wilkinson, Alec (20 September 2004). «The Ghostly Ones». The New Yorker.  |access-date= requires |url= (hjelp)

Bakgrunnsstoff endre