Opna hovudmenyen

Giorgio Gomelsky (28. februar 193413. januar 2016) var ein georgiskfødd filmskapar, impresario, musikkmanager, låtskrivar (som Oscar Rasputin) og plateprodusent. Han var fødd i Georgia, voks opp i Sveits, og budde seinare i Storbritannia og USA.

Giorgio Gomelsky
1528 giorgio08 crop.jpg
Fødd28. februar 1934 (85 år)
FødestadTbilisi
Død13. januar 2016
DødsstadNew York by
OpphavGeorgia
AktivMidten av 1950-åra til i dag
Tilknytte artistarThe Rolling Stones, The Paramounts, The Yardbirds, Magma, Blossom Toes, Julie Driscoll, Gong, Soft Machine, Material
PlateselskapMarmalade Records, BYG Records
Verka somMusikkmanager, plateprodusent

Gomelsky var eigaren av Crawdaddy Club i London der The Rolling Stones var husband, og var involvert i styret av bandet i starten. Han leigde inn The Yardbirds som erstattar for Rolling Stones og var manager for dei. Han var òg produsenten deira frå byrjinga til 1966. I 1967 starta han Marmalade Records (distribuert av Polydor), som hadde i stallen Julie Driscoll, Brian Auger and The Trinity, The Blossom Toes, og tidlege innspelingar av Graham Gouldman, Kevin Godley og Lol Creme, som vart 10cc. Selskapet la ned i 1969. Gomelsky var òg viktig i karrierane til The Soft Machine, Daevid Allen og Gong, Magma og Material.

Giorgio Gomelsky busette seg seinare i New York by, der han døydde.

ProduksjonsarbeidEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Antas and Dennis Lodewijks (6 April 2000). «Giorgio Gomelsky, working with Vangelis». Elsewhere and Odyssey. Henta 9 April 2009. 

BakgrunnsstoffEndra