Giovanni Bellini (143329. november 1516) var ein italiensk målar frå Venezia. Han vert rekna som ein av dei fremste målarane i den tidlege renessansen i Nord-Italia. Ei rad berømte målarar, som Giorgione og Tizian, måla etter den tradisjonen Bellini danna, ofte kalla den venetianske skulen. Målaren Jacopo Bellini var far hans, og Gentile Bellini ein bror.

Giovanni Bellini

Pseudonym Giambellino
Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1430
Venezia
Død

29. november 1516, 26. november 1516, 29. november 1516 (86 år)
Venezia

Yrke kunstmålar, miniatyrmaler, teiknar
Sjanger historiemåleri, religiøst maleri, allegori, dyremåleri, figure, sjangermåleri, landskapsmåleri, akt, portrett
Far Jacopo Bellini
Giovanni Bellini på Commons

Liv og gjerning endre

I yngre år gjekk Bellini i lære mellom andre hos svogeren Andrea Mantegna i Padova, ein målar som påverka arbeida hans i tidlege år.

Ein stor del av måleria hans var andaktsbilete som Madonna med barn. Førebileta for madonnabileta hans var greske og bysantinske ikon, som var utbreidde i Venezia. Bellini braut med det stereotype i desse, bileta hans strålar ut dei sterke kjenslene mellom mor og barn. Pietà og Sacra Conversazione utgjer to høgdepunkt mellom andaktsbileta.

Bellini måla også portrett. Berømt er han òg for å la landskapet danne bakgrunnen i bileta sine, med den grønleg-gylne fargen som var slik ein grunnleggjande del av venetiansk målarkunst. I staden for dei skarpe teikningane i tidleg renessansekunst, skapar han, særleg i sine seinare verk, ei pittoresk mjukheit med varme og lysande fargar.

Tronande Madonna (1488) i kyrkja 'Santa Maria Gloriosa dei Frari' i Venezia er eit av Bellini sine hovudverk. Triptykonet syner madonnaen med dei fire evangelistane, eit motiv som Albrecht Dürer nytta som modell for sitt måleri Dei fire apostlane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Giovanni Bellini