Opna hovudmenyen
Girl Happy
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Utgjeve 2. mars 1965
Innspelt Mars 1962 og juni 1964
Sjanger Rock, pop
Lengd 24:16
Selskap RCA Victor
Produsent George Stoll
Elvis Presley-kronologi
Roustabout

(1964)

Girl Happy Elvis for Everyone!

(1965)


Girl Happy er det 21. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 3338, i mars 1965. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood, den 10. til 12. juni med ekstra vokalspor av Presley den 15. juni 1964. Albumet nådde åttandeplassen på Top LP's-lista.[2] Det selde til gullplate 15. juli 1999 i USA.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

InnhaldEndra

Utanom singlane til samlealbumet Elvis' Golden Records Volume 3, var dette det sjette originale Presley-albumet på rad med filmmusikk frå ein av filmane han spelte i.[4] Det vart spelt inn elleve songar og alle vart brukte. «The Meanest Girl in Town» vart opphavleg gjeven ut som «Yeah, She's Evil!» av Bill Haley & His CometsDecca Records i juli 1964, sjølv om Haley spelte inn sin versjon seks dagar etter Presley.[5] Ein feil i masteringa av musikken førte til at farten på røysta til Presley vart auka fleire gonger.[6] RCA gav til slutt ein rett versjon av tittelsporet i 1991 på samlealbumet Collectors Gold from the Movie Years, men då med eit alternativt opptak. Til slutt vart den riktige versjon med rett snøggleik gjeven ut.

«Do the Clam» vart gjeven ut på singel omtrent ein månad før albumet kom ut, og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100 og låg inne på veka i åtte veker.[7] B-sida var eit unytta spor kalla «You'll Be Gone», skriven av Presley med «Memphis Mafia»-medlemmane Red West og Charlie Hodge[8], og vart spelt inn 18. mars 1962 under innspelinga til Pot Luck with Elvis. Ein variant av Cole Porter-standarden «Begin the Beguine» (etter Porter hadde nekta dei å endre teksten), vart den nye songen utvikla med melodien og teksten til Porter som mal.[9] Songen var ikkje med i filmen, men vart lagt til albumet.

Mot slutten av 1965 gav RCA ut filmmusikk til den tredje filmen til Presley det året, Harum Scarum. Sidan ingen av songane på albumet hadde potensiale som singel, valte RCA ut «Puppet on a String» i lag med den då fem år gamle «Wooden Heart» som årets julesingel. Sjølv om «Puppet on a String» alt var gjeve ut på Girl Happy, klatra songen til 14. plassen på Billboard Hot 100.[10] I 2003 vart Girl Happy gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream i ei spesialutgåve med dei originale songane frå albumet i tillegg til mange alternative opptak.[11]

MedverkandeEndra

InnhaldEndra

Original release (1965)Endra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Girl Happy»  Doc Pomus og Norman Meade10. juni 1964 2:07
2. «Spring Fever»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye11. juni 1964 1:52
3. «Fort Lauderdale Chamber of Commerce»  Sid Tepper og Roy C. Bennett11. juni 1964 1:32
4. «Startin' Tonight»  Lenore Rosenblatt, Victor Millrose12. juni 1964 1:19
5. «Wolf Call»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye12. juni 1964 1:26
6. «Do Not Disturb»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye11. juni 1964 1:52
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Cross My Heart and Hope to Die»  Ben Weisman og Sid Wayne11. juni 1964 1:55
2. «The Meanest Girl in Town»  Joy Byers10. juni 1964 1:55
3. «Do the Clam»  Ben Weisman, Dolores Fuller, Sid Wayne12. juni 1964 3:20
4. «Puppet on a String»  Sid Tepper og Roy C. Bennett10. juni 1964 2:39
5. «I've Got to Find My Baby»  Joy Byers11. juni 1964 1:35
6. «You'll Be Gone» (Bonusspor)Elvis Presley, Charlie Hodge, Red West18. mars 1962 2:23

Follow That Dream-utgåva (2003)Endra

Originalalbumet
# Tittel Lengd
1. «Girl Happy»   2:07
2. «Spring Fever»   1:51
3. «Fort Lauderdale Chamber of Commerce»   1:31
4. «Startin Tonight»   1:28
5. «Wolf Call»   1:57
6. «Do Not Disturb»   1:57
7. «Cross My Heart and Hope to Die»   1:52
8. «The Meanest Girl in Town»   1:55
9. «Do the Clam»   3:19
10. «Puppet on a String»   2:39
11. «I've Got to Find My Baby»   1:29
12. «You'll Be Gone» (bonusspor) 2:20
Nye bonusspor
# Tittel Lengd
13. «Puppet on a String» (opptak 5, 6, 7) 3:45
14. «The Meanest Girl in Town» (opptak 7, 8, 9) 3:52
15. «Spring Fever» (opptak 4) 1:55
16. «Do Not Disturb» (opptak 24, 25, 26, 27) 6:05
17. «Cross My Heart and Hope to Die» (opptak 6) 2:02
18. «Girl Happy» (opptak 1, 2, 3, 4) 7:03
19. «Puppet on a String» (opptak 10) 2:47
20. «Spring Fever» (opptak 18, 19, 21) 3:47
21. «The Meanest Girl in Town» (opptak 11) 2:24
22. «Do Not Disturb» (opptak 35) 2:04
23. «Cross my Heart and Hope to Die» (opptak 9, 10, 11) 4:00
24. «Girl Happy» (opptak 13 and take 4 of ending) 3:08

ListerEndra

Album

År Lister Plassering
1965 Billboard Pop Albums 8
Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[12] Gull 500 000^

KjelderEndra

  1. Allmusic review
  2. «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 5. oktober 2016. 
  3. «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 30. november 2016.  Merk: Søk på «Girl Happy»
  4. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 415-416.
  5. «The Bill Haley Recordings File». Chris Gardner's Bill Haley Database. 2013. Henta 30. november 2016. 
  6. Carr, Roy, and Farren, Mick. Elvis The Illustrated Record. London: Harmony Books, 1982; s. 97
  7. Lichter, Paul (1982). The Boy Who Dared to Rock. Galahad Books. s. 212. ISBN 0883656221. 
  8. Jorgensen, op. cit., s. 166.
  9. Guralnick, Peter. From Nashville to Memphis: The Essential 60s Masters. RCA 66160-2, 1993, liner notes, s. 22, 24.
  10. «Pop Singles». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 30. november 2016. 
  11. Sources:
  12. «American album salstrofé – Elvis Presley – Girl Happy». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH