Gisken Armand

norsk skodespelar

Gisken Armand (fødd 26. november 1962) er ein norsk skodespelar.

Gisken Armand
Fødd26. november 1962 (61 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar
MorElisabeth Armand
FarEilif Armand
EktefelleOle Lillo-Stenberg
PrisarHeddaprisen for beste kvinnelige skuespiller

Liv og virke endre

Armand debuterte 14 år gammal på Den Nationale Scene, og har vore tilsett ved Nationaltheatret frå 1988. Ho har tolka ei rekkje leiande Ibsen-rollar, som Gerd i Brand, Hilde Wangel i Byggmeister Solness og både Hilda og Ellida Wangel i Fruen fra Havet. Ho har òg spelt Ho i Nokon kjem til å koma, Olivia i Hva dere vil (Helligtrekongersaften), tittelrolla i Medeia, Olga i Tsjekhovs Tre søstre, Helene i Festen, Dronning Elisabeth i Maria Stuart og Helena i En Midtsommernattsdrøm.

Armand har hatt store roller i ei rekkje norske filmar og fjernsynsproduksjonar. Ho hadde rolla som Ingbjørg i Kristin Lavransdatter (1995), som politietterforskaren Hilde i Insomnia (1997) og som prostituerte Maja Durban i Evas øye (1999). Andre filmar er Smykketyven (1990), Ti kniver i hjertet (1994), og Den som frykter ulven (2004). Ho hadde leiande rollar i fjernsynsseriane Ved kongens bord, Kodenavn Hunter og Størst av alt. Gisken Armand har òg lese inn fleire lydbøker.

Gisken Armand er dotter av skodespelaren Eilif Armand, søster av skodespelarane Frøydis Armand og Merete Armand og gift med Ole Lillo-Stenberg, bror av artisten Lars Lillo-Stenberg. Ho medverkar i musikkvideoen «S'il vous plaît» av deLillos frå 1988.

Filmografi (utval) endre

Teater endre

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre