Gisle Fenne (fødd 9. juni 1963) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Voss herad. Det beste resultatet hans i internasjonale tevlingar er sølvmedaljen i verdsmeisterskapen på 20 km i 1989. Fenne hadde mange harde oppgjer i sporet og på standplassen mot Eirik Kvalfoss i løpet av karrieren. Han var i noregstoppen frå 1984 til 1994, og vart to gonger noregsmeister på 20 km. Fenne var kjend som ein framifrå skyttar, men klarte ikkje alltid å følgja dei beste i sporet. Ein periode var han skytetrenar for det norske landslaget i skiskyting. Han er far til skiskyttaren Hilde Fenne.

Gisle Fenne


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juni 1963 (60 år)
Voss herad
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1988

Aktiv endre

Fenne markerte seg fyrste gongen då han i 1984, på heimebane, tok bronsemedaljen på 20 km, berre Eirik Kvalfoss og Rolf Storsveen fekk betre sluttid. Frå NM 1987 i Tromsø fekk Fenne med seg ein gullmedalje på 20 km og ein sølvmedalje på sprinten, ei øving som Eirik Kvalfoss vann. Etter å ha vunne to bronsemedaljar under NM i skiskyting 1990, sikra han seg sin andre NM-tittel då han i Steinkjer i 1991 gjekk til topps på 20 km. Fenne fekk si siste NM-medalje i 1994, då både han og Ole Einar Bjørndalen enda på same tid på 20 km og fekk kvar si sølmedalje.

Under VM i skiskyting i Feistritz i 1989 skaut Fenne feilfritt og gjekk i mål på tida 59.20,8. Prestasjonen heldt til VM-sølv, ettersom han vart slått med knapt minuttet av sambygdingen Eirik Kvalfoss som fekk eitt tillegsminutt. Begge to var med på Noregs lag som tok stafett-bronsen i same meisterskapen. Året etter vart Fenne beste nordmann på 20 km i VM med ein sjundeplass. I 1991 gjekk Fenne Noreg inn til bronsemedalje på VM-stafetten i Lahti.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre