Giulio de Florian
Giulio de Florian (13. januar 1936–17. februar 2010) var ein italiensk langrennar frå Ziano di Fiemme i provinsen Trento som tok bronsemedaljen på 30 km under VM 1962 og gjekk på det italienske bronselaget i stafett under VM 1966.
Giulio de Florian | |
Statsborgarskap | Italia, Kongedømet Italia |
Fødd | 13. januar 1936 Ziano di Fiemme |
Død | 17. februar 2010 (74 år) Ziano di Fiemme |
Idrett | langrenn, skiidrett |
Tok del i | Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964, Ski-VM 1962, Ski-VM 1966 |
Aktiv
endreFlorian vart italiensk meister på 15 km i 1959, den fyrste av sju nasjonale meistertitlar i langrenn i åra fram til 1967. Han deltok i alle fire langrennstevlingane under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, med ein ellevteplass på 30 km som beste prestasjon.
Under Ski-VM 1962 i polske Zakopane overraska han stort ved å vinne bronsemedaljen på tremila, einast verdsmeister Eero Mäntyranta frå Finland og svenske Janne Stefansson kom framom han på resultatlista. Florian fylgde opp med ein sjuandeplass på 15 km.
Fire år seinare gjekk han startetappen då Italia sitt mannskap i 4 x 10 km stafett, som elles bestod av Franco Nones, Gianfranco Stella og Franco Manfroi, kom inn til bronse under Ski-VM 1966 i Oslo. Florian vart så nummer fem på 30 km då landsmannen Nones under dei olympiske vinterleikane 1968 stod for ein av dei store langrennssensjonane ved å vinne OL-gullet med stor margin til andremann.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar.
- Denne artikkelen bygger på «Giulio de Florian» frå Wikipedia på italiensk, den 14. februar 2016.