Giuseppe Peano
italiensk matematikar
Giuseppe Peano (27. august 1858–20. april 1932) var ein italiensk matematikar, logikar og lingvist.
Giuseppe Peano | |||
| |||
Fødd | 27. august 1858 Spinetta | ||
---|---|---|---|
Død | 20. april 1932 Torino | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Italia | ||
Område | interlingvistikk, matematikar, matematikk, matematisk logikk, mengdelære, Peano arithmetic, filosofi, språkvitskap | ||
Yrke | matematikar, filosof, universitetslærar, lingvist | ||
Institusjonar | Universitetet i Torino | ||
Alma mater | Universitetet i Torino | ||
Doktorgradsrettleiar | Enrico D'Ovidio | ||
Medlem | Academia pro Interlingua Accademia Nazionale dei Lincei Accademia delle Scienze di Torino |
Han var professor ved universitetet i Torino frå 1890. Namnet til Peano først og fremst knytt til Peano-aksioma, som gjev ein aksiomatisk definisjon av dei heile positive tala, samt den såkalla Peano-kurva, som gjev ei kontinuerleg avbilding av eit linjestykke på eit kvadratisk flatestykke, slik at eit kvart punkt i kvadratet kjem fram som biletet av nøyaktig eitt punkt på det gjevne linjestykket. Kurva fyller derfor heile kvadratet. Peano skapte òg det internasjonale hjelpespråket Latino sine flexione, som han sjølv nytta i skriftene sine.
Kjelder endre
- Giuseppe Peano. (2011-11-14) I Store norske leksikon.