Gjærdeig

Gjærdeig er ein deig der hevemiddelet er gjær. Ein gjærdeig kan brukast til å laga ei rekkje bakverk, frå skillingsbollar til kneippbrød. Alle gjærdeigar inneheld mjøl, gjær, salt eller sukker og væske. Når det blir tilsett gjær til deigen vil han heva, ettersom gjæren dannar bobler av karbondioksidgass i deigen.[1]

Gjærdeig i ein bolle.

Gjæren produserer gass heilt til han døyr ved 55 grader under steiking. Ved så høg temperatur vil dessutan gluten stivna og bli hardt.

KjelderEndra

  1. «Råvarenes funksjon i en gjærdeig - NDLA». Restaurant- og matfag Vg1 (norsk bokmål). Nasjonal Digital Læringsarena - ndla.no. Henta 18. mai 2019.