Gjøvik Glassverk

(Omdirigert frå Gjøvik glassverk)

Gjøvik Glassverk er namnet på fleire verksemder som har laga glasGjøvik sidan 1807. Verksemda danna grunnlaget for bydanninga på Gjøvik.

Gjøvikglas med kvinnemotiv
Foto: Øyvind Holmstad
Glasblåsar i arbeid
Foto: Øyvind Holmstad

Gjøvigs Glasværk vart skipa i 1807 av den tyske glasblåsaren Caspar Kauffeldt på garden Hunn i det som vart Vardal kommune. Han hadde vakse opp på Biri Glassverk der faren var hyttemeister. Rundt verket utvikla det seg eit lite lokalsamfunn som la grunnlaget for byen på starten av 1800-talet. Verksområdet er i dag ein del av Gjøvik sentrum.

Over ein hundreårsperiode laga Nøstetangen glassverk etterfølgd av Hurdal glassverk og deretter Gjøvigs Glasværk glas i Noreg. Etter kvart som produksjonen vart flytta følgde mange av glasblåsarane med. Dei heldt ofte fram med å produsere dei same modellane på den nye plassen. Det kan derfor vere vanskeleg å fastslå sikkert om eit produkt er laga ved eine eller andre verket og når det vart laga.

Aktiviteten ved glasverket kan delast inn i tre periodar frå 1807 til produksjonen endeleg vart lagd ned i 1843.

1807-1809 endre

Produksjonen starta opp i 1807 med 7 mann. Det einaste produktet verket kunne produsere var taffelglas.

1809-1819 endre

I 1809 vart produksjonen av kvitt glas overført frå Hurdal Glassverk. Denne perioden representerer glansperioden for verket. I 1817, arbeidde det 24 mann ved glasverket.[1] Produksjonen ved verket omfatta i denne perioden taffelglas, kvitt glas og butelje- og og apotekarglas. Verket hadde òg eige glassliperi. Gjøvikglaset representerte empirestilen. Produksjonen vart innstilt i 1819, men drifta vart sett i gang i 1823 i mindre omfang.

1823-1843 endre

 
Gjøvik byvåpen viser ei kvit svane på blå botn.
 
Originale glas fra Gjøvik Glasværk 1807-1843 i foajeen til Gjøvik rådhus
Foto: Øyvind Holmstad

Frå 1825 blei det produsert farga glas ved Gjøvik Glassverk. Den spesielle fargen gjøvikblå har sidan blitt kjent over heile landet som spesielt og eksklusivt for produkta frå Gjøvik. Til å framstille denne vart det nytta kobolt frå BlaafarveværketModum. Blåfargen finn ein òg i byvåpenet til Gjøvik. Glasverket vart lagt ned i 1843 av sonen til grunnleggaren Wexel Hansen Kauffeldt.

1994-2017 endre

Nye Gjøvik Glassverk vart etablert i 1994 i Brennerigata 1-3, ved breidda av Hunnselva i Gjøvik sentrum. Det vart lagd ned i 2017. Mellom anna laga dei kopiar etter koboltblå modellar frå gamle Gjøvik glassverk.

Referansar endre

  1. runesimensen.com, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 16. august 2010 

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Christiansen, Gunnar E. 1939. De gamle priviligerte norske glassverker og Christiania glassmagasin. Oslo.
  • Korshavn, Jan Håvard 1994. Norske Empireglass. Gjøvigs Glasværk 1807-1843. Gjøvik.
  • Mæhlum, Einar 1938. Glassverk og glasspustere. I: Norsk kulturhistorie, bind 3. Oslo.
  • Norland, Lissie 1998. Nedre Gjøvik Gård i glassverkstida 1804–1860. Institutt for kulturstudier, Universitetet i Oslo.
  • Polak, Ada Buch 1953. Gammelt norsk glass. Oslo.
  • Polak, Ada 1974 (rev. utgave). Glassboken. Oslo.

Bakgrunnsstoff endre