Gjerdingen er eit vatn som ligg i kommunane Jevnaker og Lunner i Nordmarka i Akershus fylke. Vatnet høyrde ikkje opphavleg til nedslagsfeltet til Akerselva, men ein tunnel grave ut mellom 1900 og 1909 mellom Gjerdingen og Daltjuven i søraust, og ein tunnel vidare frå der til Store Sandungen, gjer at Maridalsvannet òg tar imot vatn frå dette vassdraget.

Gjerdingen
innsjø
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommunar Jevnaker, Lunner
Høgd over havet 448 moh.
Areal 2,97 km²
Kystlengd1 13,46 km
Koordinatar 60°11′35″N 10°35′33″E / 60.19306°N 10.59250°E / 60.19306; 10.59250
Kart
Gjerdingen
60°11′36″N 10°35′16″E / 60.1933°N 10.5877°E / 60.1933; 10.5877
Wikimedia Commons: Gjerdingen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Gjerdingen, ca. 1930-1940

Demninga i Gjerdingen vart bygd i 1913. Vatnet er regulert med om lag 7 m. Gjerdingselva renn frå Gjerdingen til vatnet Store Skillingen. Gjerdingen gard på Hollendertangen midt i vatnet er ein tradisjonsrik nordmarksgard og finneplass.