Gjerstad kommune

kommune i Agder fylke i Noreg

Gjerstad er ein kommune i Agder fylke. Kommunen er den nest austlegaste i fylket og grensar til Risør i sør, Kragerø i aust, Drangedal i nordaust, Nissedal i nordvest og Vegårshei i sørvest. Gjerstad er mest kjende som knivbygda, sidan dei, saman med Vegårshei har hatt mange knivmakarar og smedar.

Gjerstad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Gjerstad
Areal 322 km²
 •  land 308 km²
 •  vatn 14 km²
Folketal 2 444  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Inger H. Løite (Ap)
Kommunenr. 4211
Kart
Gjerstad kommune
58°53′33″N 8°57′24″E / 58.8925°N 8.9566666666667°E / 58.8925; 8.9566666666667
Wikimedia Commons: Gjerstad
Nettstad: www.gjerstad.kommune.no

Det bur rundt 2 500 i Gjerstad, dei fleste i området rundt Gjerstad-vassdraget. Administrasjonssenter i kommunen er Gjerstad, i tillegg er Fiane og Sunde større bustadsområde.[1]

Næringsliv og transport

endre

Gjerstad er stasjon på Sørlandsbanen.[1]

Transport, jordbruk, skogbruk, småindustri og tenesteverksemd er viktige næringsvegar i kommunen. På Fiane ligg Egeland gamle jernverk som var i drift på 1700- og 1800-talet. Ein del bustader tilknytt jervnerket er no fritidshus.[1] I dag er det meste av butikkar samla på Brokelandsheia, rett ved E18, som går igjennom bygda.

Tettstader

endre

Folk frå Gjerstad

endre

Bilete

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Om Gjerstad kommune. 24.04.2008.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.