Gjert Martines Markvarsson Holsen (24. juli 18551921) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Holsen sokn i Førde i Sunnfjord.

Gjert Holsen
Fødd24. juli 1855
Førde
Død22. juni 1921
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Holsen var son til ein gardbrukar. Han overtok farsgarden i 1888 og dreiv denne i lang tid. Perioden 1887-1910 var han medlem av heradsstyret i Førde, åstadskommissær i seks år.

Holsen representerte Nordre Bergenhus amtStortinget 1889-1900 og 1903-06, og deretter einmannskrinsen Sunnfjord 1906-12. Bolken 1889-97 var han medlem av tollkomiteen, 1898-1900 og 1903-12 av budsjettkomiteen. Elles var han 1903-12 medlem av Lagtinget, der han var president i 1905-06, og i valkomiteen. Han var med i spesialkomiteen av 1905 og medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim i 1906.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914