Glorup gods

(Omdirigert frå Glorup)

55°12′21.989″N 10°42′28.030″E / 55.20610806°N 10.70778611°E / 55.20610806; 10.70778611

Glorup gods fotografert i 2003.
Foto: Igor Zyx

Glorup gods er ein herregard i NyborgFyn i Danmark med røter tilbake til 1400-talet. I 1742–43 vart han bygd om i barokkstil av arkitekt Philip de Lange. Da Adam Gottlob Moltke var eigar laga den franske arkitekten Nicolas-Henri Jardin eit utkast til ny ombygging som vart gjort av Christian Joseph Zuber i 1762–65, denne gongen i Louis-seize-stil.[1] Det vart på same tid anlagt ein anglo-kinesisk hage.

Glorup er freda.[2]

Glorup er teke opp i Danmarks kulturkanon under kategorien arkitektur. I grunngjevinga seier mellom anna Kanonutvalget: «Glorup indtager med hovedbygning, avlsgård og have en vigtig plads i dansk arkitektur som et forbilledligt eksempel på omdannelser, der bygger på store tanker tænkt ude i verden omsat til Danmark ved brug af stedets arkitektur og landskabets potentialer.»[3]

Kjelder endre

  1. Glorup Gods historie
  2. Fredningssag:Glorup frå Kulturstyrelsen
  3. «Kulturkanonen. Kanonudvalget for design og billedkunst» (PDF) (på dansk). Kulturministeriet. 2005. s. Arkitektur side 9–10. Arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2014. Henta 13. september 2016.