Glory Alozie Oluchi (fødd 30. desember 1977) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Amator i delstaten Abia i Nigeria. Ho representerte heimlandet Nigeria til 2001, frå 2002 tevla ho for Spania. Alozie vart afrikameister 1996 og 1998 på 100 meter hekk og i 2002 europameister i same øvinga. I 1999 og 2000 tok ho sølvmedaljen på korthekken under høvesvis Friidretts-VM og Sommar-OL.

Glory Alozie
Statsborgarskap Nigeria, Spania
Fødd 30. desember 1977 (46 år)
Abia
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Alozie tok steget opp i verdseliten i 1998, ein sesong der ho forsvarte meistertittelen i afrikameisterskapen på 100 meter hekk med eit finaleløp på 12,77 sekundar. Knapt to veker føre meisterskapen i Dakar sette ho afrikarekord på distansen med 12,44 i eit stemne i Monaco. Under VM i friidrett 1999 i Sevilla tangerte ho rekorden og vann VM-sølv, slått med sju hundredels sekund av Gail Devers frå USA. Året etter vann Alozie ein ny sølvmedalje på korthekken då Sommar-OL 2000 fann stad i Sydney, med tida 12,68 sekundar var ho tre hundredels sekund attom vinnaren Olga Sjisjigina.

Frå 2002 representerte Alozie Spania. Under EM i friidrett 2002 i München sprang ho inn til fjerdeplass på 100 meter med tida 11,32 sekundar, dagen etter vann ho ein klar siger på 100 meter hekk på tida 12,73. Sidan vart Alozie nummer fire på 100 m hekk både i VM 2003 og EM 2006, begge gongane utan å vere nær medalje.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre