Godfrey Upland er eit lite platå med ei bølgjande flate og ei middelhøgd på 1500 meter over havet sør i det sentrale Graham Land i Antarktis. Det grensar til Clarke-, Meridian-, Lammers- og Colebreen. Platået vart oppdaga av United States Antarctic Service i 1939–41, Finn Rønne og Carl R. Eklund reiste langs Meridian- and Lammersbreen i januar 1941, og det vart fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition i 1947 og kartlagt frå bakken av Falkland Islands Dependencies Survey i 1958. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter Thomas Godfrey, ein amerikansk glasmakar og matematikar som samstundes med John Hadley fann opp kvadranten (forløparen til sekstanten) i 1730.[1]

Godfrey Upland
platå
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°44′S 66°23′W / 68.733°S 66.383°W / -68.733; -66.383
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Godfrey Upland
68°44′00″S 66°23′00″W / 68.7333°S 66.3833°W / -68.7333; -66.3833
Godfrey Upland is located in Antarktis
Godfrey Upland (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Godfrey Upland». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. januar 2014. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Godfrey Upland» (innhald frå Geographic Names Information System).