Golvteppe er flate matter i tekstil, for det meste til bruk på golv.

Kirgisisk shyrdak brukt som golvteppe.

Golvteppe finst som metervare (løparar), som teppe og matter, eller som fliser for å dekka eit heilt golv. Føremålet kan vera dekorativt, eller å skåna det underliggande golvet mot slitasje. Heildekkingstekstilar («vegg til vegg») vil ofte òg gje eit lunare miljø, samstundes som det held fast støv som elles ville flyge rundt.

I førre hundreåret var det vanleg at ein samla opp slite tøy, som klesplagg og sengetøy, som seinare vart rive til strimlar. Desse vart så vovne til lange golvløparar (filleryer) etter oppgjeve lengdemål. Disse kunne verta rulla saman og hengde ut til lufting og støvbanking, eventuelt vasking.

Slitasjeutsette stadar som trapper og gangar vart ofte utstyrte med løparar av grov hamp- eller jutevev.

I staden for filleryar kunne ein sjå knytte teppe, der dei finaste kom frå Persia og områda rundt, medan mange vart framstelte industrielt i Belgia, England eller Frankrike.

Nyare byggteknikk, med store betonggolv, førte til at golvfilt vart meir vanleg, spesielt i offentlege miljø som skular og kontor. I tillegg til å gje ei mjukare gangflate, verka filten òg støydempande. Bruken er vorten mindre med tida ettersom flekkar var vanskelegare å få vekk, og ein hadde dårleg kontroll med kva som var mellom fibrane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Golvteppe