Good Day av The Kinks

Good Day
Singel av The Kinks
frå albumet Word of Mouth
B-side

«Too Hot»

Utgjeve 10. august 1984
Innspelt Juni 1983 - september 1984
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 4:35
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«State of Confusion»
(Europa, 1983)
---
«Don't Forget to Dance»
(UK/US, 1983)
Good Day «Do It Again»
(1984)


«Good Day» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies for albumet Word of Mouth i 1984.

Bakgrunn endre

Under innspelinga for «Good Day», vart det nytta ein trommemaskin i staden for trommeslagaren Mick Avory, på grunn av konfliktar mellom Avory og Dave Davies. Ray Davies sa om dette:

« Dave og Mick kom berre ikkje overeins. Det var forferdelege kranglar, og eg kom til det punktet der eg ikkje takla et lenger. Me arbeidde på ein song kalla «Good Day» og eg klarte ikkje møte Mick og Dave i studio, så eg gjorde det med ein trommemaskin. »

Utgjeving endre

«Good Day» vart først gjeven ut på singel i Storbritannia (i tillegg til Danmark, Nederland, Noreg og Sverige) i august 1984 med B-sida «Too Hot». Ein maxi-singel med «Don't Forget to Dance» vart lagt til dei to songane som alt var på 7-tommaren og kom ut i Storbritannia. «Good Day» selde derimot dårleg og kom ikkje inn på singellistene i noko land. I november det året kom songen ut på albumet Word of Mouth.

Ein lengre versjon av «Good Day» finst som bonusspor på somme CD-utgåver av Word of Mouth.

Kjelder endre