Opna hovudmenyen
Good Singin', Good Playin'
Studioalbum av Grand Funk Railroad
Utgjeve 2. august 1976
Innspelt 1976
Sjanger rock, hardrock
Selskap MCA 2216
Produsent Frank Zappa
Grand Funk Railroad-kronologi
Born to Die
(1976)
Good Singin', Good Playin' Grand Funk Lives
(1981)
Singlar frå Good Singin', Good Playin'
  1. «Can You Do It»/«1976»
    Utgjeve: Juli 1976
  2. «Just Couldn't Wait»/«Out to Get You»
    Utgjeve: Oktober 1976

Good Singin', Good Playin' er det siste studioalbumet til Grand Funk Railroad i 1970-åra, gjeve ut på MCA Records (MCA 2216) i 1976.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Bandet var i røynda oppløyst, men etter at Frank Zappa uttrykte interesse i å produsere eit album for dei, kom dei saman att for å prøve å spele inn eit album. Albumet vart spelt inn i 1976 for MCA Records. Zappa spelte òg sologitar på albumet, på songen «Out to Get You». Sjølv om kombinasjonen verka bisarr, sa Grand Funk-trommeslagaren Don Brewer «Heile synspunktet hans på kva rock and roll handlar om er i houvdsak det same som vårt... Hald det så enkelt som mogeleg og bruk så mykje ballar som mogeleg.»[2] Zappa sa «Alt eg gjorde var på ein dokumentar-aktig måte lage ei plate som fortel deg nøyaktig korleis dei høyrdest ut. For første gongen på plate kan ein høyre Grand Funk Railroad ... og dei er fantastisk, fan-tastisk med ein F tre gonger så stor som deg!»[2] Den første dagen dei var i studio for å leggje på ekstraspor, så valte Grand Funk å gå frå kvarandre att, og Zappa var oppe til kl. 04 om morgonen for å overtale dei om å bli.[2]

Albumet vart ikkje ein kommersiell suksess og nådde berre 52. plassen på Billboard Top 200.[3]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Mark Farner, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Just Couldn't Wait»   3:28
2. «Can You Do It» (Richard Street/T. Gordy) 3:17
3. «Pass It Around» (Farner/Don Brewer) 4:59
4. «Don't Let 'Em Take Your Gun»   3:40
5. «Miss My Baby»   7:20
Side to
# Tittel Lengd
6. «Big Buns»   0:30
7. «Out to Get You» (Brewer/Craig Frost) 4:44
8. «Crossfire»   4:19
9. «1976»   4:20
10. «Release Your Love»   3:52
11. «Goin' for the Pastor»   5:24
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Lengd
12. «Rubberneck» (Brewer) 5:15

MedverkandeEndra

  • Mark Farner – gitar, vokal; piano på «Don't Let 'Em Take Your Gun»
  • Frank Zappa – gitar på «Out to Get You» og «Can You Do It», korvokal på «Rubberneck», produsent
  • Craig Frost – klaverinstrument, korvokal
  • Mel Schacher – bass, korvokal
  • Don Brewer – trommer, perkusjon, vokal

ListerEndra

Album

År Liste Plassering
1976 Billboard 200 52[4]
Canada 48[5]

Singlar

År Singel Liste Plassering
1976 "Can You Do It" Billboard Hot 100 45[6]
Canada 75

KjelderEndra