Good Will Hunting

Good Will Hunting (på norsk Den enestående Will Hunting) er ein film frå 1997, regissert av Gus Van Sant, og med handling frå Boston i Massachusetts. Filmen fortel historia om Will Hunting, ein problemrik men talentfull ung mann som arbeider som vaktmeisterMassachusetts Institute of Technology sjølv om han har kunnskapar innan matematikk som er mykje større enn dei til mange studentane ved skulen. Will må lære seg å gje slepp på fortida for å kome vidare i livet sitt. Good Will Hunting viser historia til ein ung mann, og kampen hans mot både seg sjølv om personlege forhold, der han prøver å arbeide seg gjennom problema sine slik at han kan opne seg til andre, slik at han kan bruke det store intellektet sitt til noko nyttig.

Good Will Hunting
RegiGus Van Sant Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Lawrence Bender Sjå dette på Wikidata
ManusBen Affleck, Matt Damon Sjå dette på Wikidata
MedverkandeMatt Damon, Robin Williams, Ben Affleck, Minnie Driver, Stellan Skarsgård, Casey Affleck, Cole Hauser, Scott William Winters, George Plimpton, Alison Folland, Vik Sahay, Harmony Korine Sjå dette på Wikidata
KlippPietro Scalia Sjå dette på Wikidata
MusikkDanny Elfman, Elliott Smith Sjå dette på Wikidata
SjeffotografJean-Yves Escoffier Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapA Band Apart, Miramax Films Sjå dette på Wikidata
DistributørUIP-Dunafilm Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato5. desember 1997,[1] 19. februar 1998 (Tyskland),[2] 1997
Lengd126 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening225 900 000 US-dollar (verdsfemnande)[3]
Sjangerromantisk film, oppvekstforteljing, dramafilm Sjå dette på Wikidata

Filmen blei skriven av Matt Damon og Ben Affleck. Eit rykte om at Good Will Hunting var skriven av den legendariske manusforfattaren William Goldman blei avkrefta i av Goldman sjølv i boka Which Lie Did I Tell? som ein spøk som gjekk for langt.

Filmen er ofte samanlikna med J.D. Salinger sin roman Catcher in the Rye.

Filmen er dedikert til minnet om Allen Ginsberg og William S. Burroughs.

Tilverkinga av filmen endre

Good Will Hunting blei regissert og produsert av Gus Van Sant i 1996. Filmen blei for det meste spelt inn i Boston-området, men enkelte scenar blei spelt inn i Toronto, og universitetet i Toronto var «stand-in» for Massachusetts Institute of Technology. Scenane frå klasseromma blei spelte inn i McLennan Physical Laboratories.

Opphavleg hadde Mel Gibson sagt seg villig til å produsere og regissere filmen, men da Van Sant las manusey, blei han veldig ivrig etter å regissere han. Matt Damon hadde likt Van Sant sin regi i andre filmar, inkludert Drugstore Cowboy frå 1989. Filmen blei spelt inn på under fem månader, og lansert i 1997.

Handling endre

  Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Handlinga utspelar seg i Sør-Boston, og handlar om Will Hunting (Matt Damon), ein ung mann som fordjupar seg i bøker, drikking og venar for å rømme frå sinne og frustrasjon som stammar frå tidlegare opplevingar med fosterfamiliar som mishandla han. Will og venen Chuckie Sullivan (Ben Affleck) driv omkring og er ute saman med venane sine. Dei drikk og slåst i «Southie» (Sør-Boston). Will arbeider som vaktmeister, bygningsarbeidar, bilmekanikar og liknande syslar, og skjuler det enorme intellektet sitt, og i tillegg evna si til å hugse fakta, løyse vanskelege og komplekse mattelikningar, og talent innan jus, psykologi, historie og kunst.

Will og venane hans startar ein slåstkamp mot ei gruppe menn, blant dei ein som «brukte å banke livskiten ut av [Will] i barnehagen». Will blir arrestert da han slår ein politimann når politiet kjem. I løpet av dei få dagane medan han ventar på rettssaka, møter han Skylar (Minnie Driver) på ein Harvard-bar, og ho gjev han telefonnummeret sitt. Under same tida, medan Will arbeider som vaktmeister på MIT, løyser han eit teorem i løpet av natta (ved å memorere problemet frå ei tavle på skulen, dra heim og løyse likninga på spegelen sin, og deretter dra tilbake neste dag og skrive han på den same tavla). Mattelikninga var gjeven til ei gruppe studentar i ein avgangsklasse av professor Gerald Lambeau (Stellan Skarsgård), ein Fields-medaljist, som ikkje har i tankane at nokon skal kunne løyse han så raskt. Han set så opp ei enno meir komplisert likning, ei det hadde tatt han og kollegaene to år å prove. Lambeau og kollegaene hans går ut i gangen raskt etter å ha sett opp likninga på tavla, og snur seg berre for å sjå Will, med sprokke leppe, forslått auge og vaktmeisterdrakt, skrive på tavla. Da dei byrjar å gå mot han, skriv han nokre få siste merknader, og går unna, medan han seier «unnskyld». Lambeau er sint, og seier at det er nokon sitt arbeid, og at han ikkje skal klusse på tavla, men Will seier berre «dra til helvete» og forsvinn. Da Lambeau går tilbake til tavla ser han at kollegaene står og ser måpande på den korrekt løyste likninga. Dei går til vaktmeisterkontoret der dei får vite at Will ikkje er ein student, og at han kan nåast gjennom politiet. Lambeau er tilstades på høyringa til Will, og gjev han to val, enten å hamne i fengsel, eller å bli lauslaten under Lambeaus personlege overvaking. Den siste moglegheita er under to føresetnader, han arbeider med vanskelege mattelikningar saman med professoren, og han må gå til psykolog. Etter fleire mislykka forsøk er Lambeau nesten i ferd med å gje opp, og tar han med til den tidlegare romkameraten sin frå college, Sean Maguire (Robin Williams).

Etter ein tøff start (der Will er kynisk og sarkastisk), konkluderer Sean med at Wills forsvar er eit resultat av år med psykisk og fysisk mishandling, og at fiendtlegheit, sarkasme og kyniske oppførsel er ein forsvarsmekanisme. Dei to arbeider saman for å bryte gjennom Wills barrierar. I løpet av den same tida forsøker Lambeau å få Will til å utvikle seg i si retning, umerksam på at Will er ein sart person som kan bli sint på eit sekund viss han blir pressa. Etter at Will og Skylar har hatt eit forhold i ei stund, spør ho Will om han kan flytte til California med ho, sidan ho skal byrje på Stanford University. Etter å ha gjeve henne nokre grunnar til å ikkje bli med, spør han henne korleis ho veit at det er den rette tingen å gjere. Ho seier «Eg veit ikkje, eg berre veit». Han eksploderer, ropar til ho, og avslørar ein rekkje ting om livet sitt, at han ikkje har nokre brør, er foreldrelaus, har fått sigarettar stumpa mot kroppen da han var born, og at han har eit stort arr på kroppen som ikkje kom av kirurgi, men etter at fosterfaren stakk han med kniv. Nokre dagar seinare, da ho drar avgarde med eit fly, går han tilbake til sitt gamle liv, der han kjenner at han er trygg og har kontroll. Omtrent ei veke seinare jobbar han på ein anleggsplass igjen, og tar ein pause med kompisen Chuckie. Da dei to delar ein sixpack, forteljar Chuckie Will kva han syns om situasjonen. Han seier at Will «sit på ein vinnande lottokupong» med intellektet sitt, og at han er for redd til å bruke den. Chuckie uttrykkjer også at han, og kven som helst av venane hans, ville gje kva som helst for å vere Will, og at han hatar det faktum at kompisen sølar bort potensialet sitt ved å leve det same livet som dei. Chuckie seier at det største håpet i livet hans er at ein dag, når han kjem for å hente Will til jobb, er han vekk.

På slutten av filmen, etter å ha reflektert litt rundt moglegheitene sine i livet, bestemmer Will seg for å ta sjansen. Han bestemmer seg for å følgje hjartet, reise til California for å finne Skylar, og takke nei til den lukurative jobben Lambeau tilbyr han.

Mottaking endre

Kritikken til Good Will Hunting var for det meste veldig god. Mange filmkritikarar elska ideane som filmen utforska, og dei fleste gav gode kritikkar. Av dei få som ga filmen negativ kritikk, var det mange som protesterte mot det dårlege språket og innhaldet.

I følgje rapportar, spelte filmen inn imponerande 225 millionar dollar internasjonalt. Sjølv om opningshelga ikkje gjekk så bra, gjorde kritikkane og mottakinga at fleire og fleire gjekk for å sjå han. Filmen fekk internasjonalt skryt, delvis på grunn av skodespelet til Robin Williams og Matt Damon, som begge blei nominert til Oscar for filmen.

Lydspor endre

  1. «Between the Bars» (instrumental) - av Elliott Smith
  2. «As the Rain» - av Jeb Loy Nichols
  3. «Angeles» - av Elliott Smith
  4. «No Name #3» - av Elliott Smith
  5. «Fisherman's Blues» - av The Waterboys
  6. «Why Do I Lie?» - av Luscious Jackson
  7. «Will Hunting (Main Titles)» - av Danny Elfman
  8. «Between the Bars» - av Elliott Smith
  9. «Say Yes» - av Elliott Smith
  10. «Baker Street» - av Gerry Rafferty
  11. «Somebody's Baby» - av Andru Donalds
  12. «Boys Better» - av The Dandy Warhols
  13. «How Can You Mend a Broken Heart» - av Al Green
  14. «Miss Misery» - av Elliott Smith
  15. «Weepy Donuts» - av Danny Elfman

Priser endre

Vunne endre

Nominasjonar endre

Kjelder endre

  1. http://www.metacritic.com/movie/good-will-hunting; vitjingsdato: 11. april 2016.
  2. http://www.imdb.com/title/tt0119217/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 14. april 2017; språk på verket: engelsk.
  3. Box Office Mojo (på engelsk), Wikidata Q223142, henta 7. mars 2019 

Bakgrunnsstoff endre