Gorgoneion (gresk Γοργόνειον) var ein amulett i det gamle Hellas som viste eit Gorgo-hovud. Ved hjelp av apotropaion-magi skulle det verna mot ulukke.

Gorgon som pedimentskulptur ved Artemis-tempelet på Korfu.

Amuletten blei brukt av dei olympiske gudane Atene og Zeus: begge blir sagt å ha brukt gorgoneion som vernande smykke,[1] og blei ofte avbilda med det på seg. Symbolet bygde opp om opphavet deira frå eldre gudar som ein framleis rekna som mektige. I tillegg til andre tydingar blei det brukt av hellenistiske herskarar som kongeleg aegis (skjold) for å symbolisera gudommeleg avstamming eller vern, noko ein til dømes kan sjå på Aleksander-mosaikken og Gonzaga-kameen.

Gorgoneion med venger frå Olympia, opphavleg ein vernande skjolddekorasjon, frå tidleg på 500-talet f.Kr.
Gorgoneion i tondoform på ein attisk kopp i svartfigurstil frå slutten av 500-talet f.Kr. No ved Cabinet des médailles de la Bibliothèque nationale de France i Paris.

Utvikling endre

Homer omtaler Gorgon ved fire høve, kvar gong ved å visa til berre hovudet, som om ho ikkje hadde kropp.[2] Jane Ellen Harrison merker seg at «Medusa is a head and nothing more... a mask with a body later appended».[3] Før 400-talet f.Kr. blei ho avbilda som særs avskyeleg, med ei utstikkande tunge, villsvintenner, utblåsne kjekar, stirrande auge og slangar som bukter seg rundt henne.

Gorgoneia som prydar skjolda til krigarar frå midten av 400-talet var mykje mindre groteske og trugande. På denne tida hadde Gorgon mista hoggtennen sine, og slangane var meir stiliserte.[2] Den hellenistiske marmorskulpturen kjend som Medusa Rondanini illustrerer den endelege utviklinga av Gorgon til ei ven kvinne.[2]

Historie endre

Gorgoneion er vanlege å sjå i gresk kunst frå byrjinga av 700-talet f.Kr. Ei av dei eldste framstillingane er på ein stater av gyldisk sølv funnen under utgravingar ved Parium.[2] Andre tidlege eksemplar frå same hundreåret er blitt funne ved Tiryns. Går ein lengre tilbake i historia finst det eit liknande bilde i palasset i Knossos, datert til 1400-talet f.Kr. Marija Gimbutas har hevda at «the Gorgon extends back to at least 6,000 BC, as a ceramic mask from the Sesklo culture illustrates»,[4] og i boka Language of the Goddess identifiserer ho ein prototype for Gorgoneion i kunstmotiv frå yngre steinalder, særleg i antropomorfiske vasar og terrakottamasker innlagde med gull.

På 500-talet f.Kr. var gorgoneion i form av ein typisk «løvemasketype» blitt vanlege i alle greske tempel, særleg i Korint og omegn. På Sicilia var dei ein vanleg frontondekorasjon, der den eldste truleg er på Apollon-tempelet i Siracusa.[5] Rundt 500 f.Kr. slutta ein å bruka dei som dekorasjon på monumentalbygg, men dei blei framleis brukte på antefiksar (enden av taksteinane) på mindre bygningar gjennom det neste hundreåret.[5]

I tillegg til ved tempel blei Gorgon-bilde brukt på klede, servise, våpen og myntar som ein har funne i heile middelhavsområdet frå Etruria til kysten av Svartehavet. Det blei slått Gorgon-myntar i 37 byar, noko som gjorde bilde av henne på myntar nesten like utbreidd som det til viktige olympiske gudar.[2]mosaikkgolv var gorgoneionbilda vanlegvis like ved dørterskelen, som om det vakta mot uvelkomne inntrengarar. På leiromnar frå Attiki verna gorgoneion over omsdøra mot uhell.[6]

Ein heldt fram med å bruka gorgonbilde inn i kristen tid, særleg i Austromarriket,[7] og vidare i Kievriket. Bruken blei liva opp att i vesten av kunstnarar frå den italienske renessansen.

Moteskaparen Gianni Versace tok i bruk gorgoneion som logo for verksemda si.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Vassilika 1998, s. 20.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Potts 1982, s. 26–28.
  3. Harrison 1991, s. 187–188.
  4. Gimbutas 2001.
  5. 5,0 5,1 Marconi 2007, s. 214–217.
  6. Harrison 1991, s. 189, figs. 27–30.
  7. Deutsches Archäologisches Institut 1991, s. 132.
Bibliografi