Gorokhovets (russisk Гороховец) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kljazma, rundt 150 km aust for Vladimir.

Gorokhovets
Гороховец
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Gorokhovets
Byvåpenet til Gorokhovets


Plassering
Gorokhovets is located in Russland
Gorokhovets is located in Vladimir oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Først nemnd i
Bystatus
1158
1239
Geografi
Flatevidd
 - By

13 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

13 443
  1 034,1 /km²
Koordinatar 56°12′N 42°42′E / 56.200°N 42.700°E / 56.200; 42.700
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 601480
Retningsnummer (tlf) +7 49238

Namnet på byen kjem av det russiske ordet gorokh (kyrillisk горох), som betyr 'erter' og byvåpenet inneheld òg eit bilete av erteplanter.

Historie endre

 
Utsikt mot Gorokhovets
 
Sretenskijklosteret

Før austslaverarane vandra inn i området var det folkesett av den finsk-ugriske Merja-stammen. Gorokhovets vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1239, da han vart øydelagd av mongolane. Ein meiner at det har vore ei festning der i fleire tiår før dette.

I 1539 var tatarar frå Kazan klare til å brenne ned byen men trekte seg tilbake etter å ha sett eit spøkelse i form av ein gigantisk riddar med et sverd. Etter dette vart fjellet der dette vart observert kalla Puzjalovo, dvs. «Den skremmande».

1600-talet vert rekna som gullalderen til Gorokhovets. Byen var då handelssenter for eit stort område, som omfatta dagens oblastar Vladimir og Ivanovo. Mange kyrkjer, kloster og andre bygningar vart bestilt og oppført av lokale handelsmenn på den tida. Spesielt verd å merke seg er klokketårna frå 1600-talet.

Transport endre

Byen ligg ved hovudvegen frå Moskva til Nizjnij Novgorod. Han er òg ein elvehamn ved elva Kljazma.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gorokhovets