Goth-kultur

(Omdirigert frå Goth-kulturen)

Goth-kulturen er ein moderne subkultur som finst i mange land. Han byrja i England tidleg i 1980-åra kring gothic rock-miljøet, ei sidegrein av post-punk-sjangeren. Kjende post-punk-grupper som leia fram mot den gotiske rocken var Siouxsie and the Banshees, Joy Division og Bauhaus. Goth-kulturen har overlevd lengre enn mange andre frå same tida og har fortsett med å bli meir mangfaldig. Utsjånaden og dei kulturelle tendensane er påverka av gotisk litteratur frå 1800-talet og skrekkfilmar.

Fotografi med estetikk lik gotisk (svart og kvitt) med ei kvinne i goth-klede.

Goth-kulturen har liknande musikksmak, estetikk og mote. Musikken innan goth-kulturen omfattar ei rekkje forskjellige stilartar, som gothic rock, industriell, deathrock, post-punk, darkwave, ethereal wave og nyklassisk. Klesstilane innan kulturen har variert frå deathrock-, punk- og viktoriansk stil, eller kombinasjonar av alle, som regel med mørke klede (ofte svart), bleik andletssminke og svart hår. Miljøet byrja å trekkje til seg store publikum fleire tiår etter kulturen først dukka opp. I Vest-Europa finst det store årlege goth-festivalar, hovudsakleg i Tyskland.

Kjelder endre