Gotthold Ephraim Lessing

Gotthold Ephraim Lessing (22. januar 172915. februar 1781) var den viktigaste tyske diktaren under opplysningstida. Med skodespela og dei teoretiske skriftene sine hadde han stor innverknad på den seinare utviklinga av tysk litteratur.

Gotthold Ephraim Lessing

Statsborgarskap Kurfyrstedømet Sachsen
Fødd 22. januar 1729
Kamenz
Død

15. februar 1781 (52 år)
Braunschweig

Yrke songtekstforfattar, filosof, skodespelforfattar, lyrikar, bibliotekar, teolog, dramaturg, litteraturkritikar, journalist, skribent, kritikar, kunsthistorikar
Språk tysk
Sjanger drama
Medlem av Det prøyssiske vitskapsakademiet
Religion kristendom
Far Johann Gottfried Lessing
Ektefelle Eva König
Signatur
Gotthold Ephraim Lessing på Commons

Biografi endre

Gotthold Ephraim Lessing voks opp som son av ein pastor og forfattar av lutherske teologiske verk i Kamenz i Sachsen. Etter skulegangen i den lokale latinskulen (frå 1737) og Fürstenschule St. Afra i Meißen (frå 1741) studerte han teologi og medisin i Leipzig (1746–1748). Frå 1748 til 1760 budde han i Leipzig og Berlin og arbeidde som kritikar og redaktør for mellom anna Vossische Zeitung. I 1752 oppnådde han magistergraden i Wittenberg.

Frå 1760 til 1765 budde han i Breslau og arbeidde som sekretær for general Friedrich Bogislav Graf von Tauentzien. I 1765 vendte han så attende til Berlin, men i 1767 flytte han til Hamburg og arbeidde som dramaturg og rådgjevar ved Deutsche Nationaltheater der i tre år. Der vart han kjend med si seinare kone, Eva König.

I 1770 vart han utnemnd til bibliotekar i Herzog-August-Bibliothek i Wolfenbüttel. Arbeidet hans der vart avbrote med fleire reiser — til dømes reiste han til Italia saman med prins Leopold i 1775. I 1776 gifte han seg så med Eva König, som i mellomtida hadde vorte enkje, i York i nærleiken av Hamburg. Ho døydde i 1778, kort tid etter å ha fødd ein son. Sonen døydde òg ei kort tid seinare.

Gotthold Ephraim Lessing døydde i heimen åt vinhandlare Angott i 1781 under ei vitjing til Braunschweig.

Verk endre

Lessing var ein mangesidig interessert, diktar, tenkjar og kritikar. Som leiande føregangsfigur i den tyske opplysningstida vart han føregangstenkjaren for borgarskapet si nye sjølvkjensle. Dei teoretiske og kritiske skriftene hans utmerkjer seg med ein vittig og ironisk stil og treffsikker polemikk. Dialogen som stilmiddel nytta han seg ofte av; på det viset kunne han alltid sjå saka frå fleire sider og leite etter sanninga endatil i argumenta åt motstandarane sine. For han stod ikkje dette noko handfast som ein kunne lite på, men heller alltid som ein prosess ein kunne nærme seg.

Allereie i tidleg alder interesserte han seg for teater. Både i dei teoretiske og kritiske skriftene sine om teater og i sitt eige verk som forfattar hadde han som mål å fremje og utvikle eit nytt, borgarleg teater i Tyskland.

Han vende seg dermed mot den herskande litteraturteorien åt Gottsched og studentane hans. Særleg kritiserte han den ukritiske etterlikninga av den franske stilen og oppfordra til eit tilbakeblikk åt dei klassiske grunnsetningane åt Aristoteles og verka åt Shakespeare. Lessing var faktisk grunnleggjaren av Shakespeare-resepsjonen i Tyskland. Han arbeidde med fleire teatergrupper (og t.d. med Caroline Neuber).

Fridomstanken (for teateret: frå fransk kulturell og estetisk dominans; for religionen: frå kyrkjedogma) viser seg som ein raud tråd gjennom heile livet hans. Følgjeleg sette han seg òg føre å arbeide for frigjering av den framveksande borgarklassen frå overtaket til adelen. I sitt eige liv som skribent strevde han òg etter sjølvstende. Idealet hans om å vera ein fri forfattar var i praksis vanskeleg å gjennomføre på grunn av økonomisk sett tvingande kår. Slik mislukkast til dømes prosjektet med eige forlag som han og C.J. Bode prøvde å få i gang i Hamburg.

Verkliste endre

  • 1748 - Der junge Gelehrte
  • 1749 - Die Juden
  • 1749 - Der Freigeist
  • 1755 - Miß Sara Sampson
  • 1759 - Philotas
  • 1759 - Fabeln
  • 1766 - Laokoon
  • 1767 - Minna von Barnhelm
  • 1772 - Emilia Galotti
  • 1778 - Anti-Goeze
  • 1779 - Nathan der Weise
  • 1780 - Die Erziehung des Menschengeschlechts

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • Mehring, Franz: Die Lessing Legende (1893) ISBN 3-320-00468-9
  • Rilla, P.: Lessing und sein Zeitalter (1968)
  • Hildebrandt, D.: Lessing. Biographie einer Emanzipation (1982) ISBN 3-423-34049-5
  • Fick, M.: Lessing-Handbuch (2000)
  • Börne, Ludwig: Theaterkritik: Emilia Galotti (1820). Sämtliche Schriften. Band I, Düsseldorf 1964.

Bakgrunnsstoff endre