Grøn Ungdom (GU) (bokmål Grønn Ungdom, samisk Ruoná Nuorat, engelsk Young Greens of Norway) er ungdomsorganisasjonen til Miljøpartiet Dei Grøne.[2] Grøn Ungdom er tilknytt Federation of Young European Greens (FYEG) og har omtrent 40 søsterorganisasjonar i Europa. Talspersonane er, per 2019, Hulda Holtvedt og Teodor Bruu.[3][4]. Grøn Ungdom hadde i 2013 om lag 1267 medlemmar. Desse er fordelt på 17 aktive fylkeslag, og fleire lokallag.

Grøn Ungdom

ModerpartiMiljøpartiet Dei Grøne
LandNoreg
Grunnlagt1996
HovudkvarterOslo
Medlemstal780 (2022)[1]
Ideologigrøn ideologi Sjå dette på Wikidata


Historie endre

Grøn Ungdom i Oslo vart stifta i 1987, fleire lokallag fylgde. Men ein landsdekkjande organisasjon vart ikkje formelt danna før i 1996. Etter ei periode med varierande aktivitetsnivå, vart Grøn Ungdom ein sjølvstendig fungerande organisasjon fyrst etter valet av nytt arbeidsutval sommaren 2009. Sidan då har medlemstalet vore aukande, særleg i samband med den store auka i medlemsmassen i morpartiet dei siste åra. Mellom 2011 og 2013 dobla Grøn Ungdom medlemstalet sitt, og hadde 1247 medlemmar ved utgangen av 2013. Hausten 2013 hadde Grøn Ungdom òg sitt beste resultat gjennom tidene i skolevalet, med ein nasjonal oppslutnad på 3,8 %. Landsmøtet i 2014 var det største i organisasjonen si historie, med 95 delegatar.

Politikk endre

Grøn Ungdom er det einaste av ungdomspartia i Noreg som har felles program med morpartiet sitt. Miljøpartiet dei Grøne og Grøn Ungdom baserer politikken sin på tre solidaritetsprinsipp: Solidaritet med dyr og natur, solidaritet med menneskja og solidaritet med framtidige generasjonar. Det overordna politiske målet er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. I eit slikt samfunn skal økonomien vere underordna sunne økologiske prinsipp, og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar er ein føresetnad for å nå dette målet.

Organisasjon endre

Grøn Ungdom er ein landsomfemnande organisasjon, og er representert på alle nivåa i Miljøpartiet dei Grøne. Grøn Ungdom vert fronta av to talspersonar, ei kvinne og ein mann, som representerer organisasjonen andsynes ålmenta. Frå 2018 er talpersonane Hulda Holtvedt og Teodor Bruu.[3][4]

Landsmøtet er den høgste avgjerslemakta i Grøn Ungdom, og samlar seg som regel ein gong i året. På landsmøtet vert budsjettet, vedektar og handlingsplan vedteke. Alle medlemmar av Grøn Ungdom som har betalt kontingent kan vera delegatar på landsmøtet.

Mellom to landsmøter er det landsstyret til Grøn Ungdom som har den høgste avgjerslemakta. Landsstyret er samansett av ein representant frå kvart av fylkeslaga, og treffast fire gonger i året.

Den daglege drifta av organisasjonen vert gjord av eit sentralstyre som består av dei to talspersonane, ein generalsekretær, ein internasjonal kontakt og sju sentralstyremedlemmar.[5]

Grøn Ungdom har fylkeslag i alle fylka i Noreg. Det siste fylkeslaget som vart stifta, var Grønn Ungdom Finnmark i mars 2014. 17 av dei 19 fylkeslaga er aktive.

Kjelder endre

  1. https://framtida.no/2023/03/14/medlemstal.
  2. http://www.mdg.no
  3. 3,0 3,1 Kjøllesdal, Bente Kristin Rundereim (27. november 2018), «Grøn Ungdom sin nye talsperson skal halde moderpartiet i øyra», Framtida, henta 14. mai 2019 
  4. 4,0 4,1 Hulda Holtvedt og Ola Eian – valgt som talspersoner for Grønn Ungdom – Grønn Ungdom (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 14. mai 2019, henta 14. mai 2019 
  5. «Om oss | |Sentralstyret». Grøn ungdom. Henta 18.5.2019. 

Bakgrunnsstoff endre