Grønlandsk fonologi

Grønlandsk fonologi er reglane i grønlandsk grammatikk som regulerer lydstrukturen i grønlandske ord.

Segmental fonologiEndra

Segmental fonologi er lydstrukturen til einskildlydar, vokalar eller konsonantar.

VokalarEndra

Grønlandsk har eit svært enkelt vokalsystem, med berre tre vokalfonem, /i/, /a/, /u/, som har låge allofonar framfor uvulare lydar (/r/, /q/). I skriftspråket blir det skrive e og o framfor r og q, mens /a/ alltid blir skrive a.


KonsonantarEndra

Bokstavane mellom // representerer fonem, og bokstavane etter viser skrivemåte i rettskrivinga av 1973.

  Labial Alveolar Palatal Velar Uvular
Klusilar /p/ - p /t/ - t /k/ - k /q/ - q
Frikativ /v/ - v~f /s/ - s /ɣ/ - g
Nasaler /m/ - m /n/ - n /ŋ/ -  ng
Likvidar /l/ - l ~ /ɬ/ -  ll /ʁ/ - r
Halvvokal /j/ - j


Suprasegmental fonologiEndra

Suprasegmental fonologi er lydstrukturen som går ut over dei inskilde lydane. Døme på suprasegmentale fenomen er stavingsstrukur, trykk og tone.

StavingsstrukturEndra

Stavingsstrukturen i grønlandsk er (C)V(X)(C), der X kan vere konsonant (C) eller vokal (V). Stavingar i grønlandsk kan vere lette (CV), tunge (CVV eller CVC), eller overtunge (CVVC eller CVCC).

TrykkEndra

ToneEndra

FonotaksEndra

MorfofonologiEndra

Morfofonologi er fonologiske endringar som skjer i samband med morfologiske prosessar, eller med andre ord lydendringar som skjer i samband med boyings- og avleiingsprosessar.

KonsonantassimilasjonarEndra

Denne framstillinga bygger på Nielsen 2012.

K1K2 -> K2K2Endra

Når eit suffiks (bøyings- eller avleiingsending) som byrjar på konsonant blir lagt til ein stamme som endar på konsonant, blir konsonanten i slutten av stammen endra til konsonanten i byrjinga av suffikset. Eit døme er Nuuk + -mioq, der suffikset -mioq tyder "ein som bur i". Resuktatet blir Nuummioq, der final k har vorte endra til m.

q blir svekka til rEndra

q blir svekka til r foran suffiks på vokal eller konsonant: erneq "son" + fleirtal -it blir ernerit, og tupeq "telt" + -mi (lokativ) blir tupermi. Merk at r i konsonantsamband blir assimilert i uttalen (rm blir uttalt mm), men ikkje i skrift. Grunnen til dette er at vokalane uttalast lågare foran r og q.

K1K2K2 -> K2K2Endra

Visse suffiks byrjar på ein lang konsonat forsvinn konsonanten til slutt i stammen.

LitteraturEndra

  • Bergsland, Knut 1955?: A grammatical outline of the Eskimo language of West Greenland. Oslo : Skrivemaskinstua, Stortingsgt.
  • Bjørnum, Stig 2003: Grønlandsk grammatik. Nuuk: Forlaget Atuagkat.
  • Egede, Paul 1750: Dictionarium Grönlandico-Danico-Latinum : complectens primitiva cum suis derivatis, qvibus interjectae sunt voces primariae è Kirendo Angekkutorum adornatum. Hafniae : Gottm. Frid. Kise.
  • Fortescue, Michael D. 1984: West Greenlandic. Croom Helm descriptive grammars. London : Croom Helm.
  • Kleinschmidt, S. 1851: Grammatik der grönländischen Sprache mit teilweisem Einschluß des Labradordialekts. Berlin.