Grønlandssaka er ei nemning på spørsmålet om Grønland retteleg høyrer til Noreg eller Danmark. Saka var mest aktuell i tida mellom fyrste og andre verdskrig, i mellomkrigstida. Saka hadde bakgrunn i at Noreg etter Kieltraktaten av 1814 skulle avståast frå Danmark til Sverige. Dei gamle norske skattlanda Island, Færøyane og Grønland fylgde ikkje med, men vart att under den danske krona.

Kart som viser Myggbukta og området okkupantane kalla Eirik Raudes land.

Etter som Noreg vart ein sjølvstendig nasjon etter unionsoppløysinga i 1905, vart det eit aukande ordskifte om Grønland eigentleg høyrde inn under Noreg. Samstundes vart det arbeidd for at Svalbard skulle høyra inn under Noreg. I samtalar med den danske ambassadøren i Noreg sommaren 1919 uttala utanriksminister Nils Claus Ihlen seg om Grønlandssaka. I samtale den 22. juli 1919 kom den såkalla Ihlen-deklarasjonen. Deklarasjonen gjekk ut på at Danmark skulle stø Noreg sitt krav på Svalbard under fredskonferansen i Paris. Til gjengjeld skulle ikkje Noreg krevja Grønland eller delar av Grønland. I 1921 erklærte Danmark at heile Grønland og farvatna rundt skulle vere under dansk styring, ei avgjerd den norske regjeringa meinte krenkte norske rettar av di norske sel- og kvalfangarar heldt til på Aust-Grønland.

Eit område ved den norske radiostasjonen i Myggbukta vart okkupert av ein ekspedisjon under leiing av den sunnmørske fangstmannen Hallvard Devold og fire andre kameratar den 27. juni 1931. Området mellom 71° 30', og 75° 40' N kalla dei Eirik Raudes Land, og trekte med det liner attende til Eirik Raude og norsk styre i gamal tid. Devold sende eit telegram for å opplysa om okkupasjonen. "I nærvær av Eiliv Herdal, Tor Halle, Ingvald Strøm og Søren Richter er idag det norske flagg heist i Myggbukta. Og landet mellom Karlsbergfjord i syd og Besselfjord i nord okkupert i Hans Majestet Kong Haakons navn. Landet har vi kalt Eirik Raudes land". Området var i all hovudsak ikkje folkesett. I utgangspunktet var okkupasjonen privat, men den norske regjeringa stødde opp om okkupasjonen. Helge Ingstad vart norsk sysselmannEirik Raudes Land frå 1932 til 1933.

Forsvarsministeren i Noreg, Vidkun Quisling, gav ordre om at den norske Marinen om naudsynt skulle stø okkupasjonen. Okkupasjonen vart stadfest av den norske regjeringa den 10. juli 1931.

Noreg og Danmark sa seg viljuge til å la Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie i Haag døme i den vanskelege saka. Domstolen kom fram til at det norske suverenitetskravet på Aust-Grønland var ugyldig etter internasjonal rett. Noreg aksepterte avgjerda og avbraut okkupasjonen den 5. april 1933. I domen vart det mellom anna lagt vekt på Ihlen-deklarasjonen.


Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Ida Blom: Kampen om Eirik Raudes land : pressgruppepolitikk i grønlandsspørsmålet 1921-1931, Oslo 1973. ISBN 82-05-05719-2
  • Einar-Arne Drivenes, Harald Dag Jølle (red.): Norsk polarhistorie, bind 2 Vitenskapene. Oslo 2004. ISBN 82-05-32656-8
  • Odd-Bjørn Fure: Norsk utenrikspolitikks historie. Bind 3 Mellomkrigstid : 1920-1940, Oslo 1996. ISBN 82-00-22534-8
  • Grønlandssaken : dom avsagt 5. april 1933 av den faste domstol for mellemfolkelig rettspleie, i saken angående den rettslige status forvisse deler av Østgrønland, Oslo, 1933.
  • Idar Handagard: Danmarks urett og Noregs rett til Grønland, Oslo 1932.
  • Helge Ingstad: Øst for den store bre, Oslo 1935.
  • Ivar Lohne: Grønlandssaken 1919-1945 : fra borgerlig nasjonalt samlingsmerke til nasjonalsosialistisk symbolsak, Hovedoppgåve i historie - Universitetet i Tromsø, 2000.