«Grab the Moment»
Song av JOWST

Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 15. februar 2017[1]
Innspelt 2016
Sjanger EDM, pop, elektropop
Lengd 02:55
Selskap Three15 Records
Låtskrivar(ar) Joakim With Steen og Jonas McDonnell

«Grab the Moment» ('grip augneblikket') er ein norsk elektropopsong som vann Melodi Grand Prix 2017. Songen vert framført av Joakim With Steen, under artistnamnet JOWST, medan Aleksander Walmann er ukreditert vokalist på songen.[2] Steen har òg komponert songen, medan Jonas McDonnell har skrive teksta. «Grab the Moment» fekk flest røyster i Melodi Grand Prix og vart dimed det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv i mai. Der enda songen på ein tiandeplass.[3] Låten nådde ein sjetteplass på VG-lista, den høgaste plasseringa til ein vinnarsong i Melodi Grand Prix sidan «I Feed You My Love» frå 2013.[4]

Bakgrunn endre

«Grab the Moment» var ikkje skriven for Melodi Grand Prix. Songen hadde opphavleg arbeidstittelen «Making a Hit», og tekstforfattaren Jonas McDonnell hadde skrive ein rap til songen. Undervegs i arbeidet med songen inviterte komponist Joakim With Steen musikkinteresserte vener og kjende til ei lukka Facebook-gruppe, JOWST – making a hit.[5] I gruppa bad han venene om råd og innspel til å gjere songen betre, og han endra på låten etter kvart som tilbakemeldingane kom inn.[6] Til saman fekk han inn rundt 100 innspel, fordelte på 22 ulike låtskisser og utkast.

Til slutt enda Steen opp med «Grab the Moment», og sende denne songen inn til fleire plateselskap utan å få svar. Nærast for moro sende han òg låten til NRK, som i januar 2017 plukka han ut til å delta i Melodi Grand Prix 2017. Fyrst vurderte Steen å takka nei til deltakinga, men ombestemte seg.[7]

Deretter byrja jakta på ein vokalist, og to ulike vokalistar prøvesong på låten. Ein av dei var Aleksander Walmann, som hadde kome til finalen i The Voice – Norges beste stemme i 2012. Steen valde Walmann fordi dei to hadde best kjemi.[5]

Melodi Grand Prix endre

«Grab the Moment» var eit av 1 035 bidrag som vart sende inn til Melodi Grand Prix 2017, og songen var blant dei ti bidraga som vart plukka ut til å delta i finalen i Oslo Spektrum laurdag 11. mars.[2]

Songen var det fjerde bidraget på scena, og Aleksander Walmann var vokalist, medan Joakim With Steen stod på scena som DJ, iført ei lysmaske. Steen deltok under artistnamnet sitt, JOWST, som er eit akronym av forbokstavane i namna hans. I fyrste runde fekk «Grab the Moment» flest toppoeng frå dei internasjonale jurygruppene, og han var ein av fire songar som avanserte til gullfinalen. Til slutt vart «Grab the Moment» kåra til vinnar etter å ha fått flest SMS-røyster frå norske sjåarar i gullfinalen. Songen fekk 46 064 SMS-røyster, rundt 6 000 meir enn andreplassen «Wrecking Crew» av gruppa Ammunition.[8]

«Grab the Moment» vart dimed det norske bidraget til Eurovision Song Contest i Kyiv.

Eurovision Song Contest endre

 
JOWST på ein pressekonferanse under Eurovision Song Contest.

Noreg deltok i den andre semifinalen i Kyiv torsdag 11. mai 2017, der «Grab the Moment» var det tolvte bidraget ut på scena av atten bidrag. I semifinalen kom det norske bidraget på femteplass med 189 poeng og var dimed blant dei ti semifinalistane som kvalifiserte seg til finalen.[9][10] I semifinalen fekk Noreg 52 poeng frå TV-sjåarane og 137 frå fagjuryane, inkludert tre tolvarar frå dei danske, litauiske og tyske jurygruppene.[9]

I finalen laurdag 13. mai var «Grab the Moment» det 17. bidraget ut på scena av 26 bidrag.[11] I avrøystinga enda Noreg opp på ein tiandeplass med totalt 158 poeng.[12] Av desse kom 29 frå TV-sjåarane og 129 frå fagjuryane. «Grab the Moment» fekk éin tolvpoengar, frå den tyske jurygruppa.[13]

Om songen endre

«Grab the Moment» fekk positiv kritikk frå norske meldarar etter sigeren, og songen vart omtalt som «tidsriktig».[7] Musikkmeldaren i VG, Stein Østbø, meinte «Grab the Moment» har «et helvetes klebrig feelgood-refreng» og la samstundes til: «Nei, jeg tror ikke vi vinner i Kiev med denne. Men det blir en god plassering».[14] Aftenposten meinte songen var den beste i tevlinga og hadde «moderne rytmer, fett refreng, god vokal».[15] Dagbladet var samde og meinte Noreg ville kome langt i Eurovision Song Contest i Kyiv: «Den er catchy, moderne og har tydeligvis en europeisk appell», skreiv musikkmeldaren Anders Grønneberg etter sigeren.[16]

Dagen etter sigeren gjekk òg «Grab the Moment» til topps på den norske iTunes-salslista, og han tok seg inn på VG-lista veka etter finalen. Etter Eurovision Song Contest gjorde låten comeback på lista og nådde ein sjetteplass på VG-lista veka etter Eurovision Song Contest.[17]

Steen sjølv har skildra «Grab the Moment» som ein EDM-låt, men med element frå pop og hiphop. Teksta skriven av Jonas McDonnell handlar om å utfordre sosial angst og å våge å trå utanfor komfortsona.[6]

Listeplasseringar endre

Liste (2017) Høgaste

plassering

Veker på lista Debutdato
  Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[18] 73 1 26. mai 2017
  Nederland (Single Tip)[19] 24 1 20. mai 2017
  Noreg (VG-lista)[4] 6 11 17. mars 2017
  Sverige (Sverigetopplistan)[20] 56 1 19. mai 2017
  Ungarn (Single Top 40)[21] 30 1 19. mai 2017

Referansar endre

  1. «Grab the Moment – Single». iTunes. Henta 12. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Jowst – «Grab the Moment»». nrk.no. 7. februar 2017. Henta 12. mars 2017. 
  3. Ighanian, Catherine Gonsholt; Grøtte, Marit; Talseth, Thomas; Hansen, Frode (11. mars 2017). «JOWST vant MGP – vil endre sceneshowet til Eurovision». VG Nett. 
  4. 4,0 4,1 «'Grab the Moment' på VG-lista». VG Nett. 17. mars 2017. Henta 18. mars 2017. 
  5. 5,0 5,1 Hovde, Kari (12. mars 2017). «Trondhjemmer og MGP-vinner fikk hjelp på Facebook». Adresseavisen/ Adressa.no. 
  6. 6,0 6,1 Enlid, Vegard (7. februar 2017). «De må slå Kristian Valen og Rune Rudberg». Adresseavisen/ adressa.no. 
  7. 7,0 7,1 Kampesæter, Silje Rønning (12. mars 2017). «Vinnerlåten ble ikke laget for MGP». NRK.no. 
  8. «Her er resultatet fra MGP-gullfinalen». nrk.no. 13. mars 2017. Henta 13. mars 2017. 
  9. 9,0 9,1 «Eurovision Song Contest Kyiv 2017 – Second Semi Final – Scoreboard – Norway». Eurovision.tv. 
  10. «Eurovision Song Contest Kyiv 2017 – Second Sem Final». Eurovision.tv. 
  11. «EXCLUSIVE: Running order for the 2017 Grand Final released». 
  12. «Eurovision Song Contest Kyiv 2017». 
  13. «Eurovision Song Contest Kyiv 2017 – Grand Final – Scoreboard – Norway». Eurovision.tv. 
  14. «MGP-kommentar: JOWST tok øyeblikket». VG Nett. 12. mars 2017. Henta 12. mars 2017. 
  15. Gjestad, Robert Hoftun (12. mars 2017). «Den beste låten vant MGP». Aftenposten. 
  16. Grønneberg, Anders (12. mars 2017). «Den beste finalisten vant – vi kommer langt i Kiev med Jowst». Dagbladet. 
  17. «iTunes-lister for Norge». iTunes Norge. 12. mars 2017. Arkivert frå originalen 12. mars 2017. 
  18. Hung, Steffen. «Jowst – Grab The Moment». Austriancharts.at. Henta 27. mai 2017. 
  19. Hung, Steffen. «Jowst - Grab The Moment». Henta 19. mai 2017. 
  20. «Sverigetopplistan - Sveriges Officiella Topplista» (på svensk). Henta 19. mai 2017. 
  21. lightmedia.hu. «Single (track) Top 40 lista – Hivatalos magyar slágerlisták». Henta 27. mai 2017.