Grace Slick

amerikansk musikar og kunstnar

Grace Slick eller Grace Barnett Wing (fødd 30. oktober 1939) er ein artist og musikar frå USA. Den aktive songkarrieren hennar varte ifrå 1965 til 1990.

Grace Slick
Grace Slick ca. 1967.jpg
Fødd30. oktober 1939
FødestadHighland Park
FødenamnGrace Barnett Wing
OpphavUSA
Aktiv1965–1990
SjangerPsykedelisk rock, acid rock, hardrock
InstrumentVokal, klaverinstrument, gitar
Stemmetypealt
Tilknytte artistarJefferson Airplane, Jefferson Starship, Starship, The Great Society
PlateselskapRCA
Verka somLåtskrivar, musikar, visuell kunstnar
BornChina Kantner

Grace Slick er frå Evanston i Illinois. Ho starta bandet The Great Society, og fronta banda Jefferson Airplane, Jefferson Starship og Starship i mange år samstundes som ho hadde ein solokarriere. Jefferson Airplane fekk raskt eit image som blei forbunde med narkotika, og Grace Slick har sjølv innrømt å ha bruka narkotiske stoff som LSD. Slick var òg sterkt involvert i hippie-rørsla og kvinnesaka.

Frå 1998 byrja ho med visuell kunst. Bileta hennar inneheld ofte kaninar og Alice i eventyrland. Andre 60-70-talsikon er òg kjende tema i bileta hennar.

DiskografiEndra

Soloalbum
Med The Great Society
 
Grace Slick med Jefferson Airplane i 1977.
Med Jefferson Airplane
Med Jefferson Starship
Med Starship
Med Paul Kantner
Gjesteartist

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Grace Slick
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Grace Slick
  Denne kulturartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.