Graeme Pollock
Robert Graeme Pollock (fødd 27. februar 1944) er ein sør-afrikansk tidlegare cricketspelar.[1]
Graeme Pollock | |
Statsborgarskap | Sør-Afrika |
Fødd | 27. februar 1944 (80 år) Durban |
Idrett | cricket |
Utmerkingar | Wisden Cricketer of the Year |
Pollock vart fødd i Durban i Natal i Sør-Afrika. Han spelte som slagmann for det sør-afrikanske landslaget og Eastern Province og Transvaal i den sørafrikanske serien. I 2000 utnemnde det sørafrikanske cricketforbundet Pollock til århundrets spelar i Sør-Afrika.[2]
Pollock spelte sin fyrste landskamp mot Australia som 19-åring. Han spelte 23 landskamper mellom 1963 og 1970, då den internasjonale idrettsboikotten av Sør-Afrika byrja, og scora meir enn hundre poeng i sju av sine 41 omgangar. Pollock heldt fram med å spele for eit uoffisiellt landslag fram til 1987.
Kjelder
endre- ↑ «Graeme Pollock» (på engelsk). CricketArchive. Henta 7. november 2008.
- ↑ Chesterfield, Trevor (3. januar 2000). «Pollock named South Africa's Player of the Century» (på engelsk). CricInfo. Henta 7. november 2008.
Denne idrettsartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.