Grand Combin er eit 4 314 m høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Fjellet har den nest høgste primærfaktoren av fjelltoppane i denne delen av Alpane. Grand Combin er attåt eit stort bredekt massiv beståande av fleire fjelltoppar, tre av dei er over 4000 meter høge.

Grand Combin
fjell
Nordsida
Land  Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 314 moh.
Primærfaktor 1 517 m ↓  mot Monte Rosa
Koordinatar 45°56′15″N 7°17′57″E / 45.93750°N 7.29917°E / 45.93750; 7.29917
Førstestiging Maurice Fellay
 - dato 30. juli 1859
Kart
Grand Combin
45°56′15″N 7°17′57″E / 45.9375°N 7.2991666666667°E / 45.9375; 7.2991666666667
Wikimedia Commons: Grand Combin

Normalruta startar frå Panossière-hytta, som ligg på nordsida av dalen Corbassière. Ruta er fri for større vanskar, men ei særleg farleg passering må traverserast på nordsida, den såkalla Le Corridor. Det er eit gjel svært utsett for rausande isblokker.

Geografi endre

Grand Combin de Grafeneire, eller einast Grand Combin, ligg mellom to lågare toppar, Grand Combin de Valsorey (4 184 m) i vest og Combin de la Tsessette (4 135 m) i aust. Til saman dannar dei tre eit stort einsarta massiv.

Nordvestsida av Grand Combin er i sin heilskap dekt av evig snø. Ho har ei skråningsgrad som gjer at ein god grann is- og snøblokker losnar og rausar ned. Sør- og austsida er brattare og dermed isfri.

 
Nordaustegga

Nordsida av Grand Combin ligg ved botnen av ein 10 km lang bredal, ovan om isbreen Glacier de Corbassière. Fjellet er omringa av tindane Petit Combin, Combin de Corbassière og Combin de Boveire i vest, Grand Tavé og Tournelon Blanc i aust. Mindre isbrear ligg på fjellsidene lengst frå toppane i massivet, så som Glacier du Boveire og Glacier du Mont Durand.

Massivet ligg mellom Val d'Entremont og Val de Bagnes, tvers overfor turiststaden Verbier i nord. Fjelltoppen Grande Tête de By i hovudfjellkjeda i Alpane ligg få kilometer i sørleg retning.

Regionen høyrer til elva Dranse sitt nedslagsfelt og dermed også den store elva Rhone. Etter Dom og Weisshorn er Grand Combin det høgste massivet i Alpane som ligg utanfor hovudfjellkjeda.

Klatresoge endre

 
Grand Combin

Dei fire fyrste turlaga på Grand Combin nådde berre ein lågare topp aust for Grand Combin de Grafeneire, kalla Aiguille du Croissant (4 260 m). Dei fyrste som nådde denne toppen var dei lokale fjellførarane Maurice Fellay og Jouvence Bruchez, den 20. juli 1857. Fyrste gongen folk kleiv heilt til topps på Grand Combin var den 30. juli 1859. Taulaget bestod av Charles de Ville, Basile Dorsaz, og Daniel, Emmanuel og Gaspard Balley.

Grand Combin de Valsoray i vest vart nådd fyrste gongen den 16. september 1872 av J. H. Isler og J. Gillioz. Dei klatra sørveggen ovan om Plateau du Couloir. Turen opp søraustegga vart opplevd fyrste gongen 10. september 1891 av O. Glynne Jones, A. Bovier og P. Gaspoz.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre