Grand Hotel av Procol Harum
Grand Hotel Studioalbum av Procol Harum | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1973 | |
Sjanger | Progressiv rock, symfonisk rock | |
Lengd | 41:09 | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent | Chris Thomas | |
Procol Harum-kronologi | ||
---|---|---|
Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra (1972) |
Grand Hotel | Exotic Birds and Fruit (1974)
|
Grand Hotel er det sjette studioalbumet til Procol Harum. Det kom ut i 1973 og signaliserte ei retningsendring for bandet. Gitaristen Dave Ball som kom med i bandet for konsertalbumet deira året før, forlet bandet kort tid etter biletet til plateomslaget vart teke, så biletet av han vart erstatta av eit bilete av Mick Grabham klistra oppå Ball. Sjølv om bandet dei siste åra hadde hatt mange utskiftingar, gjekk bandet inn i ein meir stabil periode.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C[2] |
Albumet nådde 21. plassen på Billboard-lista i USA. I Danmark nådde det fjerdeplassen,[3] der gruppa alltid hadde gjort det godt.
Singelen «A Souvenir of London» vart bannlyst av BBC på grunn av referansen til kjønnssjukdomar.
Douglas Adams kom på ideen til The Restaurant at the End of the Universe då han lytta til tittelsporet.[4]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Grand Hotel» | 6:10 |
2. | «Toujours l'amour» | 3:31 |
3. | «A Rum Tale» | 3:20 |
4. | «TV Caesar» | 5:52 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «A Souvenir of London» | 3:23 |
2. | «Bringing Home the Bacon» | 4:21 |
3. | «For Liquorice John» | 4:27 |
4. | «Fires (Which Burnt Brightly)» | 5:10 |
5. | «Robert's Box» | 4:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Grand Hotel» (råopptak) | 6:07 |
2. | «Bringing Home the Bacon» (råopptak med Dave Ball på gitar) | 6:06 |
Medverkande
endre- Chris Copping - orgel
- Alan Cartwright - bassgitar
- B.J. Wilson - Trommer
- Mick Grabham - gitar
- Gary Brooker - piano og vokal
- Keith Reid - tekstforfattar
med
- Christiane Legrand vokal på «Fires (Which Burnt Brightly)»
- The Pahene Recorder Ensemble - gjesteartist (6)
- Teknisk
- John Punter - lydteknikar
- Spencer Zahn - kunst, design
- Jeffrey Weisel - fotografi, teikningar inne i plateheftet
Bakgrunnsstoff
endre- ProcolHarum.com - ProcolHarum.com om albumet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grand Hotel (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2012.
- ↑ Grand Hotel av Procol Harum på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 4. september 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Danskehitlister.dk
- ↑ Adams, Douglas. The Salmon of Doubt.