Granodioritt er ein magmatisk djupbergart som hovudsakleg består av kvarts og feltspat, med meir plagioklas enn kalifeltspat. Anortittinnhaldet i plagioklasen skal vere mindre enn 50 prosent, elles vert bergarten kalla granogabbro. Dei mørke minerala er ofte biotitt og hornblende, og han er som regel mørkare enn vanleg granitt.

Granodioritt

Grandioritt frå Massif Central i Frankrike
Kjenneteikn
GruppeDjupbergart
Hovudmineralkvarts, plagioklas
Fotomikrogram av eit tynnslip av granodioritt frå Slovakia (invertert polarisert lys)

Bergarten er ganske utbreidd i fjellkjedestrøk (til dømes oppdalitt i Den kaledonske fjellkjeda i Noreg).

Geologi endre

I snitt har den øvre kontinentalskorpa den same samansettinga som grandioritt. Grandioritt er ein djupbergart som er danna av ein intrusjon av kvartsrik magma, som vert avkjølt i batolittar eller stokkar under jordoverflata. Han kjem vanlegvis berre til overflata etter løfting og erosjon. Den tilsvarande lavabergarten vert kalla dacitt.

Historie endre

Rosettasteinen vart laga av granodioritt, og Plymouth Rock var ei flyttblokk av granodioritt.

Etymologi endre

Namnet kjem frå to tilknytte bergartar, granitt og dioritt. Grano-rota kjem frå latin og tyder «korn».

Kjelder endre

«granodioritt» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre