GIF
GIF (frå engelsk Graphics Interchange Format) er eit raster-biletformat som var utvikla av CompuServe i 1987. Det var sidan då vorte i vidfemnande bruk på verdsveven på grunn av vid stønad og overførbarheit mellom applikasjonar og operativsystem.
Filending |
.gif |
---|---|
MIME-type |
image/gif |
Magisk tal | GIF87a/GIF89a |
Utvikla av | CompuServe |
Formattype | bitmap |
Formatet stør opp til åtte bit per piksel for kvart bilete, som tillèt eit enkelt bilete å referere til ein eigen palett på opp til 256 ulike fargar vald frå 24-bit RGB-fargespekteret. Det stør også animasjonar og tillèt ein separat palett på opp til 256 fargar for kvar biletrute. Desse palettavgrensingane gjer GIF mindre nyttande for å reprodusere fargefotografi og andre bilete med fargegradientar, men formatet er høveleg for enklare bilete som grafikk eller logoar med område av same farge. Til skilnad frå video, stør GIF-filformatet ikke lyd.
Kjelder
endre- «GIF - IT» i Store norske leksikon, snl.no.