Grasse
Grasse (oksitansk Grassa eller Grasso) er ein by og kommune søraust i Frankrike i departementet Alpes-Maritimes, der han er sous-préfecture. Byen ligg ved Den franske rivieraen.
Grasse | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Provence-Alpes-Côte d'Azur Alpes-Maritimes | |
Geografi | ||
Flatevidd | 44,44 km² | |
Flatevidd - By |
44,4 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
43 874 988/km² | |
Koordinatar | 43°39′52″N 06°55′33″E / 43.66444°N 6.92583°E | |
Høgd over havet | 333 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: www.ville-grasse.fr |
Parfyme
endreGrasse har hatt ein blømande parfymeindustri sidan slutten av 1700-talet.
Grasse er senteret for den franske parfymeindustrien og er kjend som parfymehovudstaden i verda (la capitale mondiale des parfums). Han produserer over to-tredjedelar av Frankrike sine naturlege aromaer (for parfyme og smakstilsetting i mat). Industrien har ei inntekt på over 600 millionar euro i året.
Grasse sitt spesielle mikroklima er spesielt fordelaktig for blomeindustrien. Det er varmt og langt nok innanlands til at havlufta ikkje når inn. Det er mykje vatn i området. Byen ligg 350 meter over havet og 20 km frå kysten.
Sjasmin, ein nøkkelingrediens i mange parfymar, vart ført til Sør-Frankrike av maurarane på 1500-talet. 27 tonn sjasmin vert no hausta i Grasse kvart år.
Det er fleire «parfyrmeri» i Grasse, og kvart av dei har guida turar og eit museum.