Gravenhurst i Ontario

Gravenhurst er ein by i Muskoka-regionen i Ontario i Canada. Han ligg om lag 15 km sør for Bracebridge.

Hovudgata i Gravenhurst.
Sentrum med butikkar.

Historie endre

 
Operahuset i Gravenhurst

Gravenhurst heitte opphavleg «McCabes Bay» og seinare «Sawdust City». Namnet «Gravenhurst» kjem frå ein landsby i England som er nemnd i Bracebridge Hall av Washington Irving.

Den økonomiske veksten på staden kom frå bygginga av ein koloniseringsveg i 1850-åra. Dampskipstrafikk på Muskokasjøane tok til på 1860-talet. Byen ligg strategisk til som den nordlege endestasjon på Toronto, Simcoe og Muskoka-jernbanen. Byen ligg til som «porten til Muskoka».[1]

I 1942 starta det norske Luftforsvaret flyttinga av treningsleiren Little Norway i Toronto til Muskoka flystripe nær Gravenhurst. Nordmennene var i Gravenhurst nesten heilt til slutten av den andre verdskrigen i 1945.[2] Frå 1940 til 1946 husa Gravenhurst Camp XX, ein fangeleir for nazistiske krigsfangar som lokalt var kjend som «the Muskoka officers club». Både før og etter krigen var leiren eit tuberkulosesanitarium att, og seinare vart det ein kosher fritdsstad kalla The Gateway.

Gravenhurst hadde eit folketal på 11 640 i 2011, ein auke på 5,4 % frå folketeljinga i 2006. I 2006 hadde Gravenhurst 95,6 % kvite, 2,0 % urfolk og 2,4 % «synlege minoritetar» (Visible Minorities). Om sommaren aukar folketalet mykje på grunn av hyttefolk i området.

Kjende personar frå Gravenhurst endre

 
Informasjonssenter ved Bethune Memorial House.

Referansar endre

  1. http://www.heritagefdn.on.ca/userfiles/HTML/nts_1_5510_1.html Arkivert 2012-04-03 ved Wayback Machine. Ontario Heritage Trust Founding of Gravenhurst
  2. Per Conradi Hansen, Little Norway - A message of Liberty to the Hills of Home, ISBN 978-82-997663-0-2

Bakkgrunnsstoff endre