Great Blasket Island

Great Blasket (An Blascaod Mórirsk) er den største av Blasketøyane i County Kerry i Republikken Irland.

Great Blasket Island
Lokalt namn An Blascaod Mór
Forlatne hus på Great Blasket Island
Forlatne hus på Great Blasket Island
Geografi
Great Blasket Island is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 52°06′N 10°32′W / 52.100°N 10.533°W / 52.100; -10.533
Øygruppe Blasketøyane

Høgaste punkt Croaghmore (292 moh.)

Administrasjon
Land Irland
Grevskap Kerry

Demografi
Folketal 0

Geografi endre

Øya ligg om lag 2 km frå fastlandet ved Dunmore Head, og strekkjer seg 6 km sørvestover. Croaghmore er det høgaste punktet på øya med 292 meter over havet. Den næraste byen på fastlandet er Dunquin og det går båtar frå her til øya om sommaren.

Historie endre

Øya var busett fram til 1953 då den irske regjeringa avgjorde at dei ikkje lenger kunne garantere for tryggleiken til innbyggjarane. Tre irske forfattarar har budd her: Tomás Ó Criomhthain, Peig Sayers og Muiris Ó Súilleabháin. Dei høyrer til tre ulike generasjonar og har alle skrive sjølvbiografiar. Slik har ein eit godt bilete av korleis livet på øya var frå midten av 1800-talet til rundt 1920. Dei skreiv alle på irsk, bøkene er omsett engelsk og andre språk. Heimane til Tomás Ó Criomhthain og Muiris Ó Súilleabháin er i dag ruinar, men huset til Sayers er vorte restaurert og var tidlegare ein del av eit ungdomsherberge.

Eigarskap endre

Ungdomsherberget og kaféen som ein gong vart driven på øya er no stengd. Dette kjem av ein krangel mellom den irske staten, som ynskjer å gjere øya om til ein nasjonalpark, og ein person som gjer krav på store delar av øya.

Kjelde endre