Gregers Fougner Lundh

norsk akademikar og militær

Gregers Fougner Lundh (15. mai 178611. juli 1836) var ein norsk offiser, skule- og norskdomsmann, fødd i Fron. Han var far til Sverrer Hakon Lundh.

Gregers Fougner Lundh

Fødd15. mai 1786
Fron kommune
Død11. juli 1836
Skedsmo kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnSverrer Hakon Lundh, Otto Gr. Lundh
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Liv og gjerning endre

Lundh var frå 1808 fenrik og 1812 kaptein. I 1814 var han ei kort tid byråsjef i Indredepartementet og deretter lektor i teknologi ved Universitetet i Christiania. Frå 1822 var han same staden professor i statsøkonomi.

Lundh «var ein energisk og handlekraftig mann, rik på idéar, og gjorde seg mykje gjeldande i mange tiltak», mellom anna i Selskabet for Norges Vel. I 1822 grunnla han 'Magazin for Naturvidenskaberne' og i 1831 var han mellom skiparane av 'Samfundet for det norske Folks Sprog og Historie'. Han skreiv fleire utgreiingar i «Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie» som kom ut 1833-39. I 1828 gav han ut «Prøve af et Norsk Diplomatarium» og grunnla ein diplomsamling.

Alt i studieåra 1806-08 i København skreiv Lundh «Hvorfor har Norge ikke sit eget National-Sprog?» og sette opp ei norsk ordliste. På 1830-talet fatta han interesse for Henrik Wergeland sine tankar om ein norsk «Sprogreformation». Lundh sette då kapitla 162-163 av Hákonar Saga om til eit slags nynorsk, ei tekst som i 1954 vart prenta i Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv IV.

Statsøkonomen Lundh fekk i 1823 i oppdrag å greie ut moglegheitene for byreising ved Mjøsa, og la med det arbeidet grunnlaget for at Hamar og Lillehammer fekk bystatus.

Han døydde på Brånes i Skedsmo, 50 år gammal.

Kjelder endre

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957