Ei grein er ein forveda plantedel som veks ut frå stamma på tre eller buskar. Ordet kan òg brukast om forgreiningar på røter, fjordar, gevir o.l. Det vert brukt endå oftare om forgreiningar på slektsliner og om spesialfelt innan næringsliv (næringsgrein; også kalla 'bransje' etter engelsk branch). Eit sett øvingar innan idrett kan verte kalla ei 'idrettsgrein'.

Ordet har opphav i ei germansk rot *grî, som tyder 'vere open', 'atskilje'. Den same rota finst att i verbet grine (som i preteritum har forma grein) - 'trekkje på munnen slik at tennene visest', eit ord som i dansk tyder 'smile', 'le', og i norsk tyder 'å skjere grimasar' eller 'gråte'.

På tre med kraftig apikal dominans vil endeknoppen sende ut signalstoff, spesielt auxin, for å hinde at sideskott utviklar seg til nye toppskott eller dominerande greiner. Dersom toppen vert kappa av, kan sidegreiner utvikle seg til nye toppskott. Harde klimatiske tilhøve eller feil proviniens kan svekke den apikale dominansen, slik at tre utviklar kraftigare greiner enn vanleg. Difor vil tre i fjellskogen ofte vere kraftigare forgreina en tre i låglandet. God lystilgang vil òg fremje forgreininga.

Kjelder endre