Grendi
Høgd over havet208 meter
Plassering

Grendi
58°42′0″ N 7°49′0″ E

Grendi er ei bygd i Bygland kommune i Aust-Agder, om lag 18 kilometer sør for Bygland sentrum. Bygda ligg på austsida av Byglandsfjorden og Årdal kyrkje er sentral.[1]

Landeskogen tuberkulosesanatorium blei skipa i bygda tidleg på 1900-talet, og i 2010 blei Landeskogen Peace Center skipa her. Staden hadde eige postkontor med 4742 Grendi.

Garden Øvre Lande, som eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande eigde, ligg her.

HistorieEndra

Frå ca. 1300 var garden Bakke i Grendi den faste tingstaden i Råbyggelaget, fram til Christian Vs Norske Lov gav andre tingstader.[2]

KjelderEndra

  1. Grendi på Norgeskart.no frå Statens kartverk
  2. Oddmund Mogstad, Tinget på Bakke, 29/7 (Sti Olavi Dag) 1581, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2014, s. 44-46

Koordinatar: 58°42′N 7°50′E