Opna hovudmenyen

Koordinatar: 57°44′40″N 10°38′53″E

Grenen sett frå sør
Grenen

Grenen er den nordlegaste enden av Jylland og dermed Danmark, og ligg nord for Skagen. Grenen har fått dette namnet fordi det har form som ei grein frå eit tre. Neset er dekt av sand, som vert ført med vinden langs hele vestkysten av Jylland, og derfor veks neset om lag 10 meter kvart år mot nordaust.

Havområda Skagerrak og Kattegat møtes ved Grenen, og dette kan ein ofte sjå på bølgjene som kjem frå kvar si side. Dette skapar kraftige vasstraumar som gjer det livsfarleg og strengt forbode å symje der. Ein kan gjerne vasse, og prøve å stå med ein fot i Skagerrak og ein fot i Kattegat.

Grenen er eit vakkert og populært utfluktsmål. Mange turistar samlat i sommarhalvåret på den ytterste spissen av neset. Mange er frakta ut med traktorar med passasjervogner, som køyrer i skytteltrafikk frå parkeringsplassen.

Skagens Odde og Grenen trekk òg til seg rovfuglar i trekktida om våren, og er ein av dei beste stadane i Nord-Europa for å sjå rovfugl. Rovfuglane er sveveflygarar, som utnyttar oppdrifta som vert danna over land. Fuglane kryssar helst ikkje store strekningar over ope hav, og fuglane kjem opp langs kysten frå sør, og dermeed heile vegen opp til odden. Her samlar dei seg før dei kryssar dei 65 km over til Sverige på veg mot hekkeplassane.

BakgrunnsstoffEndra