Grense Jakobselv
Grense Jakobselv (samisk Vuorjánjohka) er ei grend i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Grenda ligg i eit lite dalføre der Jakobselva renn nordover ut i Varangerfjorden. Elva markerer grensa mot Russland. Tidlegare var det ei permanent busetjing i dalen, men denne vart fråflytta seint på 1970-talet og tidleg på 1980-talet. Forsvaret har sin nordlegaste grensestasjon i Grense Jakobselv, der Ishavsregimentet (IHR) er stasjonert.
For å markere Noreg sin suverenitet over områda aust til Jakobselva fekk kong Oscar II bygd eit kapell i Grense Jakobselv. Kapellet er oppkalla etter han. Oscar IIs kapell vart innvigd i 1869.
Geologi
endreVed Grense Jakobselv finnast gneisbergarter med granulittfacies. Tilsvarande bergartar er funne på Finnmarksvidda; til dømes Jergul-gneisen og Raisædno-komplekset. Desse sterkt metamorfoserte gneistypane dannar ein korridor mellom grunnfjellsområdet i Aust-Finnmark og grunnfjellsområdet på Finnmarksvidda.
Kjelder
endreArtikkelen vart oppretta som ei omsetjing av Grense Jakobselv (bokmål)