Grethe Ingmann

dansk songar

Grethe Ingmann (17. juni 193818. august 1990) var ein dansk songar og musikar innan pop og jazz. Saman med ektemannen Jørgen Ingmann vann ho Eurovision Song Contest i 1963 med songen «Dansevise», ei bragd ingen danske klarte å gjenta før Olsen Brothers vann i 2000 med «Fly on the Wings of Love».

Grethe Ingmann

Fødd17. juni 1938
FødestadKøbenhavn
Død18. august 1990 (52 år)
DødsstadFrederikssund
FødenamnGrethe Clemmensen
OpphavKongeriket Danmark
Aktiv1963–1990
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar
Gift medJørgen Ingmann

Bakgrunn endre

Ingmann vart oppdaga allereie som 17-åring, og kort etter vart ho saman med jazzgitaristen Jørgen Ingmann, som ho gifta seg med i 1956. Dei to skapte seg snart eit namn i Skandinavia. Mannen hennar vart også internasjonalt kjend for instrumentalen «Apache», medan Grethe Ingmann sjølv kom inn på dei tyske hitlistene med songen «Hello Boy» i 1963.[1][2][3] I midten av 1960-åra deltok ho på fleire tyske songfestivalar, men utanom «King of Soho» fekk ho ikkje noko større gjennombrot i nabolandet.[4][5]

Ein av songane Ingmann framførte på desse festspela var «Der Sommerwind» (tekst: Hans Bradtke, musikk: Henry Mayer), som gjorde liten suksess då ho gav han ut på tysk og dansk, men i 1966 vart han ein verdshit for Frank Sinatra med engelsk tekst av Johnny Mercer.[6]

I midten av 1970-åra havarerte ekteskapet med Jørgen, og det enda med at dei gjekk frå kvarandre. Etter dette deltok ho fleire gongar i Dansk Melodi Grand Prix, men ho vart ikkje vald ut til å representere landet i den internasjonale finalen. I 1980-åra heldt ho fram med arbeidet innanfor underhaldningsbransjen og fann tilbake til Jørgen, før ho i slutten av 1980-åra fekk kreft, som ho også døydde av i 1990.[7]

Kjelder endre

  1. «Offizielle Deutsche Charts - Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de (på tysk). Henta 8. juli 2018. 
  2. «Grethe og Jørgen havde hele verden for deres fødder - da de mistede hinanden, mistede de livet». underholdning.tv2.dk (på dansk). 26. mars 2017. Henta 8. juli 2018. 
  3. Bergan, Jon Vidar (23. mars 2015). «Jørgen Ingmann». Store norske leksikon (på norsk). Henta 8. juli 2018. 
  4. Pop, Schlager Chansons (21. juni 2016). «Schlagerfestspiele 1963 – Grethe Ingmann – Der King von Soho». YouTube. Henta 8. juli 2018. 
  5. «Grethe Ingmann» (på dansk). Den Store Danske i lex.dk. Henta 8. juli 2018. 
  6. «“Summer Wind”Frank Sinatra: 1966 | The Pop History Dig». www.pophistorydig.com (på engelsk). Henta 8. juli 2018. 
  7. «Skilt, men stadig forelsket: Jørgen Ingmann kom sig aldrig over bruddet med Grethe». www.bt.dk (på dansk). Henta 8. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grethe Ingmann