Grigg–Skjellerup (formelt kalla 26P/Grigg–Skjellerup) er ein periodisk komet. Han vart vitja av romsonden Giotto i juli 1992.[2] Sonden kom så tett som 200 km, men kunne ikkje ta bilete då nokre av instrumenta var øydelagde etter møtet med Halleys komet.[2]

26P/Grigg–Skjellerup
Oppdaging
Oppdaga av: John Grigg og John Francis Skjellerup
Oppdaga dato 1902 and 1922
Alternative namn: 1808 C1; 1808 III;
1902 O1; 1902 II;
1902c; 1922 K1;
1922 I; 1922b;
1927 F1; 1927 V;
1927e; 1932 II;
1932d; 1937 III;
1937e; 1942 V;
1942d; 1947 II;
1947a; 1952 IV;
1952b; 1957 I;
1956i; 1961 IX;
1961g; 1967 I;
1966f; 1972 II;
1972b; 1977 VI;
1977b; 1982 IV;
1982a; 1987 X;
1986m; 1992 XVIII
BaneelementA
Epoke April 10, 2007 Mal:Nobr
Aphel (Q) 4.9332 AU
Perihel (q) 1.1168 AU
Store halvakse (a) 3.0437 AU
Eksentrisitet (e) 0.6631
Neste perihel 1. oktober 2018[1]

Kometen vart oppdaga i 1902 av John Grigg frå New Zealand, og på ny neste gong han kom att i 1922 av John Francis Skjellerup, ein australiar som budde og arbeidde i mange år i Sør-Afrika der han var med å starte Astronomical Society of Southern Africa.

I 1987 var det oppdaga av Ľubor Kresák at kometen hadde vore observert i 1808 av Jean-Louis Pons.

Kometen har ofte blitt blitt påverka av tyngdekrafta til Jupiter, som har endra omlaupet mykje. Til dømes har perihelavstanden endra seg frå 0,77 AU i 1725 til 0,89 AU i 1922 til 0,99 AU i 1977 og til 1,12 AU i 1999.

I 1992 var perihel så nær jorda at ein nytta romsonden Giotto til å undersøke han. Denne sonden var blitt send opp for å undersøke Halleys komet i 1986. Giotto kom så nær Grigg–Skjellerup som 200 km, mykje tettaren enn Halleys komet, men kunne ikkje ta bilete, fordi kameraet var øydelagd under møtet med Halley.

I 1972 vart det oppdaga at kometen produserte ein meteorsverm, Pi Puppidane, og med den noverande omlaupet har dei ein topp kring 23. april på den sørlege halvkula.

Kometkjernen er estimert til å vere 2,6 km i diameter.[3]

Kjelder endre