Grigoriopol
Grigoriopol (moldovisk kyrillisk og russisk Григориополь, Grigoriopol, ukrainsk Григориополь, Hryhoriopol) er ein by og formelt ein bykommune (oraș) innanfor den autonome regionen Venstre breidd av Dnister i Moldova.[2] Han er utanfor kontroll av moldovske styresmakter og blir styrt av den de facto sjølvstendige regionen Transnistria som ein del av distriktet Grigoriopol og er hovudsete i distriktet.[3]
Grigoriopol | |||
---|---|---|---|
Andre namn | Григориополь | ||
Leninstatue i Grigoriopol | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Land Distrikt |
Moldova Venstre breidd av Dnister Transnistria Grigoriopol | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Kommune (2004) - Byområde |
17 826[1] 10 252[1] | ||
Koordinatar | 47°9′1″N 29°17′33″E / 47.15028°N 29.29250°E | ||
Tidssone | UTC+2, UTC+03.00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://grigoriopol.net/ | |||
Plassering | |||
Administrativ inndeling
endreI bykommunen i Transnistria inngår:[3][1]
- byen Grigoriopol
- busetnaden Crasnoe
- busetnaden Crasnaia Gorca, av Moldova rekna til å inngå i landkommunen Delacău
Bykommunen administrerer òg
- den bymessige busetnaden Maiac, av Moldova rekna som ein eigen bykommune
- landkommunen Delacău, av Moldova rekna som ein landkommune saman med Crasnaia Gorca
Folketal
endreVed folketeljinga i 2004 hadde kommunen desse folketala i busetnadene:
Folketal 2004[1] | |
---|---|
Grigoriopol (Григориополь) | 10 252 |
Maiac (Маяк) | 1 221 |
Delacău (Делакэу) | 1 294 |
Crasnaia Gorca (Красная Горка) | 4 821 |
Crasnoe (Красное) | 238 |
Kommunen Grigoriopol (Григориополь) | 17 826 |
Kjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population statistics of Eastern Europe & former USSR: Transnistria - Ethnic composition: 2004 census». mashke.org. Henta 23. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 764 av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ 3,0 3,1 «Об административно-территориальном устройстве Приднестровской Молдавской Республики (Редакция на 27.10.2016) (Om den administrativ-territorielle strukturen av Den pridnestroviske moldoviske republikken (revidert 27.10.2016))». Министерство юстиции Приднестровья (Justisdepartementet i Transnistria). 17. juni 2002. Henta 24. oktober 2024.