Grofeltet
Grofeltet er eit gassfelt i Vøringbassenget i Norskehavet 350 kilometer utanfor Helgelandskysten. «Gro-brønnen» 6603/12-1 vart bora i 2009 med riggen Leiv Eiriksson i lisens 392. Brønnen ligg 150 kilometer nordvest for det største uutbygde gassfunnet i Noreg, Victoria. Dersom Grofeltet er drivverdig, vil det byggast eit nytt feltsenter og legging av ein ny gassrøyrleidning. Totalt vil det då investerast 100-150 milliardar kroner.
A/S Norske Shell er operatør og eig 60% av feltet. Dei har anslått at det kan vere gass for 1 000 milliardar kroner i feltet.[1][2] Brønnen er bora på ei vassdjupne på 1376 meter, som til då var den største vassdjupna der det er gjort funn på norsk sokkel. Brønnen trefte på ein 16 meter gasskolonne i øvre krit-reservoar.
I 2010 bora Aker Barents på same feltet i brønn 6604/10-1, men denne var tørr, og brønnen vart lukka og forlaten. Aker Barents drog så vidare for å bore ein brønn på Dalsnutenfeltet.[3]
Kjelder endre
- Delar av denne artikkelen bygger på «Grofeltet» frå Wikipedia på bokmål, den 9. september 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Finansavisen: StatoilHydro kan ha gjort storfunn
- ↑ Aftenposten: Shell og StatoilHydro kan ha gjort storfunn
- ↑ «Bekrefter Gro-skuffelse». Offshore.no. 27. august 2010. Henta 10. september 2013.